24 millionar til breiband i fylket

Statlege millionar løyser ut til saman omlag 60 millionar til breiband, og minst 1900 nye husstandar i Sogn og Fjordane får no breiband med god hastigheit.

Sogn og Fjordane får ei ny storsatsing på breiband. Dei 24,1 millionane fylket får tildelt frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) løyser ut nye millionar frå både fylkeskommunen og kommunane.

Breiband for over 60 millionar

Innbyggjarane i bygdene som no får breiband, må òg bidra med eigne midlar eller dugnad i samband med den føreståande utbygginga. Det betyr at når leverandørane går inn med sin del, fylkeskommunen og kommunane sin og innbyggjarane sin, så skal det byggjast ut breiband for over 60 millionar i Sogn og Fjordane. Det gir minst 1900 husstandar breiband med god kapasitet.

– Dette er gledeleg, og det er ei stadfesting på at koordineringsjobben vi gjer gjennom IT-forum og fylkeskommunen gjer ein skilnad, seier styreleiar i IT-forum, Gunnar Hæreid og fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Avgjerande samarbeid

Vestlandsforsking har også vore med i søknadsarbeidet, og forskingsleiar Ivar Petter Grøtte meiner samarbeidet er essensielt for å få store tildelingar til Sogn og Fjordane.

– Fylkeskommunen, IT-forum og Vestlandsforsking har jobba med søknaden i lang tid. Tildelinga er eit godt døme på at vi oppnår gode resultat når forvaltning, forsking og næringsliv samarbeider, slår Grøtte fast.

I staden for at kvar einskild kommune har sendt inn sin eigen søknad, har ein samla ressursane og søkt saman. Dei tildelte midlane går til bygder og område som har eit dårleg breibandtilbod, og som ikkje er kommersielt lønsame å byggje ut for leverandørane.

– Samarbeidet har fungert veldig bra. Eg trur det er ein avgjerande faktor, seier Heggheim og gjev honnør til kommunane for det gode samarbeidet.

112 millionar siste åra

Fylkestinget vedtok i april 2016 ein ny breibandstrategi for fylket. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar i Sogn og Fjordane skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere andre generasjon breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.

– Årets tildeling gjer at vi kjem endå nærare å oppnå målet, men det er framleis eit stort behov for vidare utbygging i Sogn og Fjordane, seier Heggheim.

Sidan 2014 har Sogn og Fjordane fått 112 millionar i nasjonale midlar til bygging av breiband i fylket, og mange bygder har gjennom samarbeidet fått framtidsretta breibandløysingar.

Tildelinga i 2017 går til kommunar og prosjekt du ser under:

 

 

 

nkom2.JPG