Breiband

Breibanddugnad sidan 2003 

  • Sidan 2003 har spleiselag mellom offentleg og privat sektor sikra fylket fleire hundre millionar kroner til breibandutbygging.

  • IT-forum breiband utvikla strategiplanen for breiband i S&Fj vedteken av S&Fj fylkeskommune. Planen har følgjande målsetteing i 2020: Minimum 100 Mbit/s synkront samband til alle bedrifter og minimum 30 Mbit/s til husstandar i Sogn og Fjordane til same pris som i sentrale strok innan 2020.

  • Næringslivet sine krav til nye tenester og låg pris og husstandane sine krav til god kapasitet og tenester som til dømes trippel play (breiband - telefon – tv) skal stettast. Prisane og tenestene skal vere minst like gode som landsgjennomsnittet. Dette er også føringar som er tatt med i framlegg til breibandstrategi for Sogn og Fjordane. Sjølv om denne planen er teknologinøytral, er vårt ”endelege” mål eit fylke der alle har fibersamband i heimen.

  • IT-forum Sogn og Fjordane har også teke initiativ til å starte Nasjonalt Breibandråd, der no dei fleste fylkeskommunene er med.

Alle kommunane i fylket er medlemmar gjennom sine regionale it-samarbeid. I tillegg er næringsliv, både brukarar og leverandørarav breiband medlemmar. Vidare er fylkesnivået og FoU med.  Årsmøtet i Breibandforum vel eit arbeidsutval som står for styringa av aktivitetane i året.

Arbeidsutvalet i 2016:

Helge Følid, SYS-kommunane - leiar (fram til sommaren 2016, då tek Geir Svendsen over vervet)

Geir Svendsen, Sogn regionråd

Alfred Bjørlo, KS S&Fj - vara er Laura Kvamme

Paul Ottar Tornes, Nordfjordrådet 

Ivar Petter Grøtte/Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking

Kristian Todal, Nordfjord Vekst /Næringslivsrepresentant

Bjørn N. Sørensen, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Olav Skarsbø, Sogn og Fjordane Fylkeskommune (observatør)

Medlemmer i 2015:

Datainstituttet AS NHO Sogn og Fjordane Sogn Regionråd
Enivest AS Nordfjord Regionråd Stryn kommune
Fjord1 Nordfjordeid Næringshage AS Sunnfjord Energiverk
Flora kommune Økonor Gloppen AS Sunnfjord Næringsutvikling
Fylkesmannen i S&F Sognenett AS Telenor
Høgskulen i Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane Energi Vestlandsforsking
IKT SYS Sogn og Fj. Fylkeskommune Årdalsnett AS

Alle kommunane i fylket er medlemmar gjennom sine regionale it-samarbeid/regionråd. I tillegg er næringsliv, både brukarar og leverandørar av breiband medlemmar. Vidare er fylkesnivået og FoU med.

Aktuelt, It-forumGasta Design