Digitalt Skulesamarbeid (fullført)

Vellukka prosjektsatsing 2006-2010: Infrastruktur, LMS og kursing. (fullført)

IT-forum oppvekst og utdanning (tidlegare skulegruppa) har frå 2006 arbeidd med å finna ei løysing for digitalt samarbeid og samspel på tvers av alle skulesteg i fylket.  Styret gav tilsegn om forprosjektmidlar for å utløyse ei ny fylkessatsing. Gruppa lukkast mellom 2007 og 2010 med å få fram og få gjennomført fylkessatsinga Digitalt skulesamarbeid, med støtte av fornyingsmidlar. Rett nok måtte det ekstrarunde til i søknadsprosessen for å få koordinert fleire initiativ med fylkessatsinga. Dette lukkast ein med, og tilsetting av prosjektleiar og delt prosjektstilling i med fylkeskommune vart gjort. 

Prosjektet vart , slik ekstern evaluering i 2011 har stadfesta, gjennomført med godt resultat og til under budsjettramme.