Fagdag om digitalisering og tenesteutvikling- program og påmelding

Til kommunane i Sogn og Fjordane:

Det nye Digitaliseringsnettverket under IT-forum inviterer til fagdag om digitalisering og tenesteutvikling. Møtet blir på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde, torsdag 1. februar. Målgruppa er kommuneleiing (rådmenn, kommunalsjefar) og IT-leiing/-fagpersonar.

Meld deg på ved å klikke her og fylle ut påmeldingskjema innan 18. januar. 

 

Program

 

(pdf av program)

10:00 Velkommen
Kort om Digitaliseringsnettverket og måla for dagen, Jørn Stenehjem (Fylkesmannen i Sogn og Fj.)

10:10 Kva er eigentleg digitalisering?
Erfaringar og eksempel, Frode Kyrkjebø (KS Sogn og Fj.) og Tom Sølve Myklebust (SFj. fylkeskommune)

10:30 Viktige utfordringar for kommunane
Kommunane orienterer om digitaliseringsplanar og -utfordringar.

Det blir ein pause på 10-15 min. i denne økta.

Sunnfjord kommune, Lise Mari Haugen (Førde kommune)
Stad kommune, Anne Ruth Botn Bjørlo (Eid kommune)
Gloppen kommune og Nordfjord-samarbeidet, Geir Strand (Gloppen kommune)
Regional digitalisering i Bergensområdet, Atle Sandal (Karabin)

12:00 IT-forum-modellen
IT-forum Sogn og Fjordane, Ivar Petter Grøtte (Vestlandsforsking)

12:15 Lunsj (45 min)

13:00 Nasjonale fellesløysingar
Ellen Karin Toft-Larsen (KS) og Olav Skarsbø (Difi) orienterer om statlege og kommunale felles­løysingar

14:00 Kva skal prioriterast framover, og korleis samarbeida?

Avsluttande økt med diskusjon om kva felles initiativ som bør prioriterast framover og korleis organisera arbeidet. Avhengig av talet på deltakarar kan det bli lagt opp til gruppearbeid, paneldebatt og/eller plenumsdiskusjon.

15:00 Avslutning