IT-forum KXG

IT-forumkonferansen 2010 hadde tittelen "Kunnskap kryssar grenser" (kxg.no), etter prosjektet med same namn. KxG handlar om å ta nettet meir i bruk både for videomøte og ikkje minst for overføring av ulike arrangement på nett (webcast). Ei naturleg følgje var difor at konferansen vart overført på nettet.  Prosjektet har eigen nettstad, kxg.no, som framleis bidreg i overføring av arrangement. Mykje av dei årlege IT-forumkonferansane har sidan vore nettoverført og dyktige studentbedrifter frå vgs i fylket vert engasjert til oppgåva.