IT-forum OU IKT-samling 22.–23. nov. på Hotel Alexandra

22.–23. november går den årlege IKT-samlinga til IT-forum oppvekst og utdanning av stabelen på Hotel Alexandra i Loen. Hald av dagane! Du kan sjå fram til mellom anna:

  • Konturarar av framtidas skule og barnehage - Lars Persen, Education Fast Forward (for pedagogar. P)
  • IKT og språkutvikling Åsne Midtbø Aas frå Dysleksi Norge (P)
  • Trondheimskulen – work in progress? Siw Olsen Fjørtoft, Trondheim kommune (P)
  • Koding – Korleis gjere koding i skulen enkelt? Erfaringar med koding som valfag, Herdis Moldøen, prosjektleiar LKK og Vibeke Guttormsgaard, IKT-senteret (P)
  • Teknologimeistring på Protolaben- Frode Steen, Reodorklubben
  • iPad – Kreativ elevaktivitet i grunnskulen på iPad i Vik, Jarle Christensen/lærar (P)
  • Workshop – ClassNotebook, O365 + programmering – Atea + Moldøen (P)
  • Digital arena barnehage -Vibeke Guttormsgaard, IKT-Senteret (P)
  • KS – Ung, Siri Hansen, KS (Målgruppe- Alle)
  • Digitale kompetanse og pedagogisk IKT-bruk, Erik Westrum - IKT-Senteret (for leiarar - L)
  • KS – Digitaliseringsstrategi i oppvekstområdet, Ellen-Karin Toft Larsen, KS (L)
  • Allsidig pedagogisk og kreativ bruk av digitale verktøy + Erfaringar frå ein digitalt kompetent barnehage, Trine Danielsen Selfors, Kirketunet barnehage

Formålet med samlinga er å dele erfaring og kompetanse mellom regionane i fylket. Tema for samlinga er pedagogisk og administrativ bruk av IKT i oppvekst samt oppfølging av nasjonale satsingsområde innan IKT. I 2014, 2015 og 2016 deltok over 100 ikt-kontaktar, pedagogar og leiarar, og tilbakemeldingane var særs gode. IT-Forum Oppvekst og Utdanning består av representantar frå Regionråda, Fylkesmannen, Fylkeskommunen, Høgskulen og Vestlandsforsking. Samlinga er arrangert av oss i samarbeid med KS og kommunane i Sogn og Fjordane.