IT-Forum teknisk drift og utvikling

Arbeidsgruppa skal arbeide for å utvikle samarbeid innfor IT-området mellom dei deltakande etatane og organisasjonane innanfor ulike tema knytt teknisk IT-drift og utvikling. Det skal utviklast konkrete delaktivitetar på område der samarbeidet er naturleg. Gruppa skal legge tilhøva til rette for å kunne utveksle erfaringar innfor felles fagområde. Gruppa planlegg eigne samlingar med spesialistar frå programmering, utvikling og teknisk miljø, og dei formidlar informasjon om kurs og arrangement hjå kvarandre. Gruppa bidreg på IT-forumkonferansen med programinnspel og initiativ, med oppsett av nettverk til utstillarar, førebuingar av streaming, og teknisk støtte i salen. Td eige seminar i Balestrand i 2013 i forkant av hovudkonferansen.

Dei fleste driftsmiljøa i Sogn og Fjordane er små og sårbare. Gruppe for driftssamarbeid arbeider med samarbeidsopplegg både for å gjere miljøa meir robuste og for å skape eit meir stimulerande fagleg fellesskap. Målet er å gjera det fagleg attraktivt å arbeide med informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i fylket. Driftsgruppa skal vera nøytral i høve til leverandørar av data- og teletenester.  

Ønskjer du å melde deg inn i nettverket? Ta kontakt med leiar  Petter Stendstadvold på epost petter.stenstadvold@sfj.no

It-forumGasta Design