Næringsdagane 2015

Næringsdagane 2015: Velferdsteknologi, Big data og BI

20. mai brakar det laus med 4 konferansar i ein. IT-forumkonferansen har saman med Næringsbarometeret, NHO-konferansen, og Høgskulen sin næringskonferanse blitt til Næringsdagane, som blir arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde 20.-21. mai.

Fullstendig program og påmelding.

Allereie tysdag 19. mai skjer det ting, og mange verksemder har lagt eigne møte, kurs og aktivitetar til denne dagen. Om du ikkje har eige møte, eller skal på Gründerdagen Z, så kan du møte opp på Næringspub på konferansehotellet kl. 21, slik at du er på plass til første programpost som er Idar Kreutzer kl. 0915 onsdag 20. mai.

IT er, særleg i Sogn og Fjordane, ein naturleg del av ein næringskonferanse, og på føremiddagen torsdag 21. mai er IT-delen av konferansen samla:

  • 0830: Møtestart, kulturelt innslag
  • 0845: Velferdsteknologi, Dominique Bouchet
  • 0915: Big data, digital ekshaust: Tarje Bjørgum, Abelia
  • 0945: Breiband: Harald Wium Lie, Nexia
  • 1015: Pause
  • 1045: Velferdsteknologi: Hilde Corneliussen, Vestlandsforsking
  • 1105: Big Data, Njål Wilberg, Beat.no
  • 1130: Business Intelligence: Halvor Gregusson, Rocketfarm
  • 1200: Lunsj

Fullstendig program og påmelding. Konferansen har også eiga Facebook-side der du kan følgje med på oppdateringar om arrangementet.