Pressemelding: Nasjonal støtte til sterkare satsing på IKT-utdanning i fylket

Nasjonal støtte til sterkare satsing på IKT-utdanning i Sogn og Fjordane       

Jan Heggheim, leiar i IT-forum Sogn og Fjordane er særs nøgd etter at det måndag vart klart atsamarbeidet i fylket får inntil 450.000 kroner i støtte frå Innovasjon Norge til kompetanse-utviklingsprosjekt for næringslivet. Dette betyr svært mykje for næringsmiljøet vårt, seier Heggheim.  Prosjektet skal arbeida vidare med å mobilisera, forankra og detaljera ei sterkare satsing på meir næringsretta IKT-utdanning i Sogn og Fjordane.

Næringslivet i Sogn og Fjordane har uttrykt behov for eit styrka og meir brukartilpassa regionalt tilbod om IKT-utdanning. Både nasjonale utgreiingar og ei undersøking i regi at stat-næringsamarbeidet i Sogn og Fjordane viser eit stort behov for utdanning innan IKT seier assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid.

Viserektor for FoU Erik Kyrkjebø ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er glad for at næringslivet og IT-forum utfordrar dei på å vidareutvikle relevante utdanningar, og at det no er løyvd midlar til å greie ut ei berekraftig IKT-utdanning i fylket som kan ha potensiale for god studentrekruttering og mange relevante arbeidsplassar i framtida. Her vil både næringslivet og offentleg sektor sjølve vere viktige gjennom bidrag med eigen kompetanse både i utvikling og gjennomføring av slike utdanningar.

Å legge til rette for studieplasser innan IKT for å møte næringslivet i Sogn og Fjordane sine behov for nøkkelkompetanse er viktig. Vi er glade for at dette arbeidet no kan start opp avsluttar Heggheim.

Eit meget godt prosjekt

– IT-forum Sogn og Fjordane har i samarbeid med Vestlandsforsking levert ein svært god søknad, der dei presenterer eit meget godt prosjekt. Det seier seniorrådgiver i Innovasjon Norge, Per Øyvind Voie. Han er ansvarleg for Innovasjon Norges teneste Kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø, og ser fram til å følgje prosjektet tett framover.

– IT-miljøet i Sogn og Fjordane veks raskt, og vi gledar oss til å arbeide saman med både prosjektleiinga og dei regionale samarbeidspartnerane for å nå måla i prosjektet. Vi håpar kompetansesatsinga både vil styrke grunnlaget for eksisterande arbeidsplassar og legge grunnlaget for nye, avsluttar Voie.

Fakta:

Kompetanseutvikling i regionale næringsmiljø

  • Teneste i Innovasjon Norge
  • Lyser ut 20 millioner kvart år til kompetanseutvikling
  • Skal bidra til kompetansearbeidsplassar over heile landet
  • Prosjekta blir vald ut i samarbeid med Siva, Forskningsrådet og fylkeskommunane
  • Finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Kjelde: Innovasjon Norge

 

For meir informasjon eller kommentarar, kontakt:

Jan Heggheim, Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, leiar av IT- Forum, tlf 905 66623
Gunnar Hæreid, Fylkesmannen, tlf 911 80 626
Erik Kyrkjebø, Høgskulen i Sogn og Fjordane, tlf 576 76 285
Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking, tlf 908 28 418
Per Øyvind Voie, seniorrådgiver i Innovasjon Norge, på tlf 976 65 446

Pressemelding i Word og PDF-format