Prosjektstilling for nyoppretta IT-utdanning i Førde

I samband med den nyoppretta bachelor-utdanninga innan IT i Førde søkjer Høgskulen på Vestlandet (HVL) etter ein person i ei 100 % prosjektstilling. Stillinga kan bli forlengja med inntil eitt år.
 

IT-forum Sogn og Fjordane har arbeida i fleire år for å etablera ei IT-utdanning i fylket, i tett samarbeid med HVL og næringlivet. Med HVL sitt vedtak om å oppretta ei bachelor-utdanning i informasjonsteknologi ved campus Førde, er målet nesten nådd. Det som står att, er å sikra rekruttering av studentar til studiet og også å rekruttera gode lærekrefter. Denne stillinga er difor ein viktig del av å fullføra arbeidet som vart starta i 2013/2014. Den som blir tilsett i stillinga vil i tillegg til å bli sentral i oppbygginga av IT-studiet i Førde også ha mulegheit til å bli involvert i mange spenndane IT-prosjekt i fylket, i nært samarbeid med forskingsmiljø og næringsliv.


Ansvars- og arbeidsområde
Arbeidsoppgåvene vil bli undervisning, rettleiing, vurdering og oppfølging av studentane ved IT-studiet. Den som blir tilsett, må kunna undervisa i grunnleggjande programmering, der ein for tida brukar språket Java. Elles blir det undervist i algoritmar og databasar i det første studieåret. I tillegg vil det vera aktuelt å undervisa i andre emner som t.d. matematikk og prosjektstyring.

Ved ei eventuell forlenging av stillinga vert det aktuelt å undervisa i emne som inngår i det andre studieåret.

Krav til søkjarar
Søkjar må ha minimum mastergrad innan informatikk/datafag eller tilsvarande. 
Aktuelle kandidatar må ha brei erfaring med programmering i Java, datamodellering og programmering mot databasar. Det er i tillegg krav om at kvalifiserte søkjarar må ha relevant undervisningserfaring frå vidaregåande skule eller høgare utdanning, formell utdanning i pedagogikk og/eller anna relevant undervisningserfaring (til dømes frå kursverksemd).
 

Det blir lagt vekt på kjennskap til næringslivet i Sogn og Fjordane og elles evna til sjølvstendig arbeid. 
Undervisningsspråket er norsk, og det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan undervisa på norsk eller eit anna skandinavisk språk.
 

Søknadsfristen er 25. mars.

For full utlsyingstekst, sjå Høgskulen på Vestlandet si utlysing.