Årsmøte i IT-forum Sogn og Fjordane 2015

Årsmøte 2015

I samråd med leiar Jan Heggheim kalla sekretariatet inn til årsmøte i IT-forum Sogn og Fjordane på Skei Hotel fredag 13. mars kl 10:00-15:00.

Møteplan

  • 10:00 Velkommen v / leiar ITF Jan Heggheim

Del 1:  Dei store satsingane i 2014/2015

  • 10:10 IT-utdanning for næringsklynger.
    • Prosjekt for revitalisering av iT-utdanning i Sogn og  Fjordane.
    • – Resultat etter tre dialogseminar med næringslivet, og plan for vidare arbeid.
    • v/ prosjektleiar Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking
  • 10:30 Ny nasjonalt støtteordning for breibandutbygging.
    • S&Fj fekk 39 mill kr i 2014, 25 % av dei nasjonale midlane. Kva er status for desse midlane, og korleis skal vi konkurrere godt i 2015?
    • Oppdatert breibandstrategi for S&Fj er også under utvikling.
    • v/ Jan Heggheim & Ivar Petter Grøtte
  • 10:45 Velferdsteknologi, 2014 var året dette tok av i S&Fj.
    • Stor mobilisering og interesse, og fleire utbyggingsprosjekt i startgropa. Kvar er vi og kvar vil vi? Både fellesposjekt for kommunane og mulegheiter for næringslivet.
    • v/ Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane (USHT) og Vestlandsforsking

Del 2: Tilbakeblikk på 20 år med IT-forum Sogn og Fjordane

  • 11:15 Kva skjedde i 1995 då IT-forum Sogn og Fjordane vart skipa? Kva var forventningane? Og kva synest to av fedrene om barnet 20 år etter?
    • Ved to av hovedfedrene tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte og tidlegare direktør ved Vestlandsforsking Jan Per Styve
  • 12:00 Lunsj

Del 3:  Konferanse, strategiar,  årsmøte og val for 2015

  • 13:00 Næringslivsdagane 2015 tek over for IT-forumkonferansen. Kva skjer?
    • v/ leiar IT-forum Jan Heggheim
  • 13:30 Strategiar, grupper og nettverk i IT-forum– status og justering
  • 14:30 Årsmøtesaker
    • Årsmelding, rekneskap og revisjon 2014
    • Budsjett 2015
    • Val:  Styre, leiar, valnemnd
  • 15:00 Vel heim