Seminar om næringsutvikling med Bitcoin og kryptovaluta 12. des

12. desember på Scandic Sunnfjord Hotel i Førde

Bitcoin er i vinden og ikkje berre blir det snakka om, men ein blir også bombardert med spam og reklame som rir «bitcoin-bølga». Men kva er eigentleg bitcoin og kryptovaluta og kan det komma næringsutvikling ut av det? IT-forum og Vestlandsforsking inviterer til seminar i Førde.

Deltaking er gratis, men send ein e-post til bhu@vestforsk.no om du vil delta slik at me får oversikt over kor mange som kjem.

Program

10.00 Velkommen (ved IT-forum Sog og Fjordane/Vestlandsforsking)
10.10 Introduksjon til temaet, Svein Ølnes, Vestlandsforsking
10.30 Sturle Sunde, Bitcoin-gründer, fortel om mulegheiter og problem med kjøp og sal av Bitcoin
11.00 Reiel Haugland, Sparebanken Sogn og Fjordane, fortel om banken si haldning til næringsutvikling på dette området
11.30 Pause
11.45 Tore Vamraak, statssekretær i Finansdepartementet, orienterer om utfordringar rundt regulering av bruk av Bitcoin/kryptovaluta i næringssamanheng
12.15 Spørsmål og diskusjon rundt temaet

Møtet blir avslutta rundt kl. 13.00.