iStock_000006129616_Large.jpg

IT-forum digitalisering

Nettverket IT-forum digitalisering skal styrka arbeidet med digitalisering i kommunane. Gjennom eit omfattande samarbeid med statlege etatar og fylkeskommune, skal kommunane få hjelp til digitaliseringsoppgåver dei ikkje klarer på eiga hand. Nettverket skal vera ein koordinator for ulike digitaliseringsprosjekt i kommunesektoren, og mellom kommunar og stat.

Dette er ei ny satsing i 2017. Informasjon om organisering og samansetjing kjem etter formelt oppstartsmøtet 24. oktober, på Skei. Kontaktperson no er Svein Ølnes ved Vestlandsforsking: svein.olnes@vestforsk.no