Konferansar arrangert av IT-forum 

IT-forumkonferansen hadde lang tradisjon som IT-forum si årvisse opne samling for å engasjere og inspirere. Det var vår største arena for kunnskapsdeling, formell og uformell nettverking og tilrettelegging for innovasjon. Næringsbarometeret, NHO-konferansen, IT-forumkonferansen og Høgskulen i Sogn og Fjordane sine næringskonferansar fann vi det i 2015 rett å slå saman til Næringsdagane. Denne samla konferansen vert arrangert på vårparten og har eigne heimesider

Styret har vedteke å arrangere eit ope og mindre seminar kvar haust. I 2016 vart den arrangert i Sandane 25.–26. oktober. 

IT-forum oppvekst og utdanning arrangerer eigen temakonferanse som i 2016 samla 150 deltakarar i Loen.

[Aktuelt]