IT-forumkonferansen

IT-forumkonferansen har lang tradisjon som IT-forum si årvisse opne samling for å engasjere og inspirere. Det er vår største arena for kunnskapsdeling, formell og uformell nettverking og tilrettelegging for innovasjon. Næringsbarometeret, NHO-konferansen, IT-forumkonferansen og Høgskulen i Sogn og Fjordane sin næringskonferanse vart slått saman til Næringsdagane 2015. Denne samla konferansen vert arrangert på vårparten. Styret har vedteke å arrangere eit ope og mindre seminar kvar haust. I 2016 vart den arrangert i Sandane 25.–26. oktober. IT-forum oppvekst og utdanning arrangerer eigen temakonferanse.

[Aktuelt]