Om IT-forum


IT-forum Sogn og Fjordane blei etablert i 1995, og er eit breitt samarbeid og spleiselag som skal sikre at Sogn og Fjordane er i fremste rekkje i å utnytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning. IT-forum utfører eit omfattande arbeid med å initiere, samordne og sikre viktige utviklingsaktivitetar til nytte for heile fylket.

Historia om IT-forum er samla i årsmeldinga for 2014.

Nedlastbart historisk tilbakeblikk (pdf)

 

Årsmelding for 2017 finn du her

 

Viktige satsingar framover:

  • Vidareføre tung satsing på digital forvaltning.
  • Vidareføre samarbeid om utvikling av breibandtenester med kommunane i fylket.
  • Vidareutvikle aktivitetar i saman med næringslivet i fylket.
  • Utvikle samarbeid innan helse og informasjonsteknologi
  • Auke bruk av IKT-baserte hjelpemiddel innan skuleverket

Meir om IT-forum finn du i artikkelen "Sogn og Fjordane-modellen skapar gode samfunn (19.01.2018)" og artikkel i Porten 06.03.2015 - IT-forum, eit føredøme?
Ønskjer du å melde deg inn i nettverket og bli del av representanskapen?  Kontakt sekretariatet ved Øyvind Heimset Larsen på epost: ohl@vestforsk.no
Om du ønskjer medlemsskap i ei arbeidsgruppe tek du kontakt med gruppeleiar. Sjå informasjon om arbeidsgruppene.