Om IT-forum


IT-forum Sogn og Fjordane blei etablert i 1995, og er eit breitt samarbeid og spleiselag som skal sikre at Sogn og Fjordane er i fremste rekkje i å utnytte informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning. IT-forum utfører eit omfattande arbeid med å initiere, samordne og sikre viktige utviklingsaktivitetar til nytte for heile fylket. Nettverket har aktive arbeidsgrupper, satsingar som nytt IT-studium i HVL, er medarrangør for Næringsdagane og har eigne samlingar. 

I Fjordantologien 2018 er kapittel 6: "På jakt etter suksessformelen for samarbeidsnettverket IT-forum Sogn og Fjordane"

Historia om IT-forum er samla i årsmeldinga for 2014.(presentasjon) -Nedlastbart historisk tilbakeblikk (pdf)

Årsmeldinga for IT-forum 2017 finn du her.

 

Viktige satsingar framover:

  • Vidareføre tung satsing på digital forvaltning.
  • Vidareføre samarbeid om utvikling av breibandtenester med kommunane i fylket.
  • Vidareutvikle aktivitetar i saman med næringslivet i fylket.
  • Utvikle samarbeid innan helse og informasjonsteknologi
  • Auke bruk av IKT-baserte hjelpemiddel innan skuleverket

Meir om IT-forum finn du i artikkelen "Sogn og Fjordane-modellen skapar gode samfunn (19.01.2018)" og frå tidlegare leiarar, Jan Heggheim i Porten 06.03.2015 - IT-forum, eit føredøme? og Gunnar Hæreid i Firda 30.05.2018 -Kva ville fylket vore utan IT-forum? 


Ønskjer du å melde deg inn i nettverket og bli del av representanskapen?  Kontakt sekretariatet ved Øyvind Heimset Larsen på epost: ohl@vestforsk.no
Om du ønskjer medlemsskap i ei arbeidsgruppe tek du kontakt med gruppeleiar. Sjå informasjon om arbeidsgruppene. 

Styret og representantskapen


Desse sit i representantskapen

  • Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
  • Sogn og Fjordane energilag
  • Helse Førde
  • Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
  • Sparebanken Vest
  • Sparebanken Sogn og Fjordane
  • NHO Sogn og Fjordane
  • Sogndal fotball
  • Lotteri- og stiftelsestilsynet
  • Vestlandsforsking
  • Hydro Aluminium AS
  • Lerum
  • KS Sogn og Fjordane
  • Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
  • Høgskulen på Vestlandet
  • Enivest
  • Sognenett
  • DIFI

Desse leiar IT-forum

Styret:

  • Leiar: Anne Mette Hjelle, Lotteri og stiftelsestilstynet
  • Jørgen Tistel, Fylkesmannen
  • Reiel Haugland, Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Frode Kyrkjebø, KS Sogn og Fjordane
  • Paal Fosdal, Sogn og Fjordane fylkeskommune
  • Christiane Ulriksen, Enivest
  • Leon Bakkebø, Sogn og Fjordane næringsråd
  • Geir Anton Johansen, Høgskulen på Vestlandet

Valkomite: Terje Heggheim, KS Sogn og Fjordane og Merete Lunde, Vestlandsforsking

Sekretariat: Vestlandsforsking

Utbygging av breiband ei særleg viktig satsing


IT-forum har ei eiga arbeidsgruppe for breiband som er særleg aktiv.

Årsmeldinga for denne gruppa for 2017 finn du her

  • Sidan 2003 har spleiselag mellom offentleg og privat sektor sikra fylket fleire hundre millionar kroner til breibandutbygging.
  • IT-forum breiband har utvikla strategiplanen for breiband i S&Fj som har blitt vedteken av S&Fj fylkeskommune. Planen har følgjande målsetting: Minimum 100 Mbit/s synkront samband til alle bedrifter og minimum 30 Mbit/s til husstandar i Sogn og Fjordane til same pris som i sentrale strok innan 2020.
  • Næringslivet sine krav til nye tenester og låg pris og husstandane sine krav til god kapasitet og tenester som til dømes trippel play (breiband, telefon, tv) skal stettast. Prisane og tenestene skal vere minst like gode som landsgjennomsnittet. Dette er også føringar som er tekne med i framlegg til breibandstrategi for Sogn og Fjordane. Sjølv om denne planen er teknologinøytral, er det «endelege» målet eit fylke der alle har fibersamband i heimen.
  • IT-forum Sogn og Fjordane har også teke initiativ til å starte Nasjonalt Breibandråd, der no dei fleste fylkeskommunane er med.