Satsingar

Felles prosjektsatsingar er sentrale for det IT-forum oppnår. 

IT-forum breiband har vore både initiativtakar, felles prosjektutviklar og samordnar av aktivitetar i Sogn og Fjordane til ein total verdi av 400-500 mill kroner til utvikling av infrastruktur og innhaldstenester. Alle kommunane i fylket har vore involvert, og næringsliv og innbyggarar har fått stor effekt og nytte av breibandutbygginga

IT-forum velferdsteknologi: Regjeringa har som mål at alle kommunar skal ha velferdsteknologi som ein naturleg del av sitt tenestetilbod innan 2020. Velferdsteknologi er ein heilt nødvendig del av kommunal tenesteutvikling, og effektivisering for å kunne møte store utfordringar og auka kostnader med ei demografisk utvikling med stadig fleire eldre innbyggarar. Gjennom satsinga i IT-forum er Sogn og Fjordane det einaste fylket, som vi kjenner til, som prøver å løfte alle kommunane gjennom eit felles samarbeid.  Effektar av ei slik satsing viser nok ein gong vise verdien av IT-forum som eit fylkesovergipande og fungerande breitt samarbeid. For velferdsteknologi er det også eit betydeleg potensiale for lokal og regional næringsutvikling.

IT-forum oppvekst og utdanning arbeider på tvers av oppvekst og skuleslag (barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og høgskule). Gruppa gjennomfører frå 2015-2018 eit prosjekt «Satsing på IKT som læremiddel » støtta av skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. Her arbeider gruppa med koplingar til nye innhaldstenester og betre bruk av nye medier i undervisning og arrangerer ein årlege konferansen som sentral del av satsinga.

IT-forum Teknisk drift og utvikling har arbeidd med felles kurs og nettverksaktivitetar, og var tidlegare sentrale i å sørge for at alt det tekniske ved den årlege IT-forumkonferansen fungerte. Hausten 2016 bidreg gruppa til den regionale KINS-konferansen (IT og sikkerheit) som vart halden  på Gloppen Hotell og vart kopla med haustmøtet i IT-forum

IT-forum Digitaliseringsnettverk  er ei ny arbeidsgruppe under etablering, der tema er digitalisering av offentleg sektor. 

Satsingar direkte underlagt styret (utan eiga arbeidsgruppe) : 

IT-forum har gjennom fleire år arbeidd med å reetablera ei IT-utdanning på Høgskulen i Sogn og Fjordane. I løpet av vinteren 2016/2017 lukkast det 

IT-forum er medarrangør av Næringsdagane og arrangerer i tillegg ei eiga haust-/julesamling for medlemmar.

IT-forum Sogn og Fjordane har tradisjon for studieturar med jamne mellomrom. På nokre studieturar har me reist langt og brukt mange dagar, som Silicon Valley & Las Vegas i USA (mars 2010) og Bangalore og Goa i India (november 2013). Nokre gonger har me reist kortare og vore på ulike stadar i Europa. Førre tur til India gav som direkte resultat at kimen til ei ny IT-utdanning saman med Høgskulen på Vestlandet vart lagt. I 2017 vert det tur til Estland.

IT-forum har lang tradisjon for å delta i internasjonale prosjekt der dette støttar opp om satsingane.

Viktige satsingar framover:

  • Vidareføre tung satsing på digital forvaltning.
  • Vidareføre samarbeid om utvikling av breibandtenester med kommunane i fylket.
  • Vidareutvikle aktivitetar i saman med næringslivet i fylket.
  • Utvikle samarbeid innan helse og informasjonsteknologi
  • Auke god bruk av IKT-baserte hjelpemiddel innan oppvekst og skulesektor

[Aktuelt]