Satsingar

Felles prosjektsatsingar har vore sentrale for det arbeidsgruppene i IT-forum SFj har oppnådd. IT-forum Breiband har gjennomført prosjekta Breibandløftet 1-8, som har vore store dugnadsløft med kommunale midlar, statlege midlar  og eigeninnsats frå lokalt næringsliv og bygdesamfunn. 

Investeringar frå kommunar, fylkeskommune og private næringsliv til samarbeid og samordning har gitt ei uttelling på mange millionar i ekstra utløyste midlar inn til fylket. I høve andre fylke har Sogn og Fjordane hatt god utteljing og oppnådd mykje med den målretta satsinga. Over 99 % av fylket har første generasjon breiband. Likevel dokumenterer offisiell statusrapport for breibanddekning i 2013 (frå Nexia) at utfordringa på høge kapasitetar (særleg fiber) er større for oss enn for noko anna fylke i landet. Nettverket arbeider difor aktivt med å etablere nye satsingar/prosjekt. 

Driftsgruppa har som eit viktig årvisst prosjekt å sørge for at alt det tekniske ved den årlege IT-forumkonferansen fungerer. Innhaldsprosjekt som fellesløysingar på tvers av skulesektoren (LMS) i helsesektoren (Meldingsløftet) er døme på at nettverket tek særs viktige andre prosjektløft på tenesteinnhald.

Viktige satsingar framover:

  • Vidareføre tung satsing på digital forvaltning.
  • Vidareføre samarbeid om utvikling av breibandtenester med kommunane i fylket.
  • Vidareutvikle aktivitetar i saman med næringslivet i fylket.
  • Utvikle samarbeid innan helse og informasjonsteknologi
  • Auke bruk av IKT-baserte hjelpemiddel innan skuleverket

[Aktuelt]