Velferdsteknologi


Velferd + teknologi

«Teknologi vil aldri kunne erstatte menneskelig omsorg og fysisk nærhet. Velferdsteknologi kan imidlertid gi mennesker nye muligheter til selvstendighet og trygghet, og til å klare seg på egenhånd i dagliglivet.» (NOU 2011:11, Innovasjon i omsorg)

Vi ventar ei auke av eldre saman med ei vaksande gruppe av yngre brukarar av helse- og omsorgstenester dei neste tiåra, men ikkje tilsvarande auke i helsepersonell. Velferdsteknologi er fremja som eit av virkemidla for å møte utfordringar i helse- og omsorgstenestene, og for å bidra til innovasjon og å auka kvalitet på helsetenestene.

Prosjektet «Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane» vart i 2014 finansiert av «Fornyingsmidlar» frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Flora kommune er prosjekteigar og IT-forum/Vestlandsforsking er prosjektleiar. Prosjektet starta våren 2014 og har som mål å etablere eit breitt samarbeid mellom kommunane i fylket for å setje planlegging og bruk av velferdsteknologi på dagsorden hjå alle kommunane. Ei målsetting er å laga ein arena for læring og utveksling av erfaring. Prosjektet skal også leggje til rette for strategisk planlegging og samarbeid mellom kommunane og arrangera fellesaktivitetar med sikte på å formidle kunnskap om teknologi, bruksområde, organisering og samarbeid.


 

Arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa i prosjektet har følgjande medlemmer i 2015: 

  • Kari Støfringsdal, Flora kommune (Prosjekteigar v/ Terje Heggheim)
  • Kari Krogh, Eid kommune
  • Anita Lothe, Gloppen kommune
  • Marta Strandos, Førde kommune / Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT)
  • Liv Husabø, NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane
  • Ove Bjørlo, Eid vidaregåande skule
  • Beate Tollefsen, Fylkesmannen
  • Joanna Galek, Høgskulen i Sogn og Fjordane
  • Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking
  • Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking/IT-forum (sekretariat)

Kontaktpersonar:
Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking
hgc@vestforsk.no

Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester
marta.strandos@forde.kommune.no

Ivar Petter Grøtte, IT-forum
ipg@vestforsk.no


 

Bakgrunn

IT-forum har over tid arbeidd med helse og it for fylket. Innsatsen har vore stor og får mellom anna omtale på fylkesmannsbloggen i 2009. I 2013 endra arbeidsgruppa namn frå «IT-forum eHelse» til «IT-forum velferdsteknolgi» for å synleggjere komande satsing på velferdsteknologi.

Eit  forprosjekt i 2005 klargjorde, samordna og planla ei større satsing på effektiv bruk av IKT og breibandteknologi for eit utval tenester innafor helse og omsorg i skjeringspunktet mellom kommunar og helseføretak. Deretter har arbeidsgruppa gjennomført og støtta prosjekt som «Fylkesdekkande IT-tenester for helse i Sogn og Fjordane 1 & 2»,  «Meldingsløftet Sogn og Fjordane» og «Meldingsløftet i kommunane Fase II». Fylket vart i 2009 det første der alle kommunar hadde bestilt Norsk Helsenett-infrastruktur. IT-forum har vore pådrivar for elektroniske meldingar mellom Helse Førde og kommunane, og deretter var IT-forum ein pådrivar for meldingar mellom legekontor og helse og omsorgstenesta. Å følgje opp og fullføre dette har og vore viktig i 2014.


 

[Aktuelt]