Oppvekst og utdanning

Fylket får ny IT-utdanning

Fylket får ny IT-utdanning

Til hausten blir det ti plassar på ei ny IT-utdanning ved Høgskulen på Vestlandet. Studiet vil ligge i Sogndal eller Førde, og er det første i sitt slag i fylket. – Dette er heilt naudsynt for at fylket vårt skal vere i front på bruk av IT, seier leiar av IT-forum og assisterande fylkesmann, Gunnar O. Hæreid

Sjå vår Pressemelding

Sjå Program for informasjonsmøte om den nye IT-utdanninga 7.mars

Førebu deg til IT-forum OU 2016

Førebu deg til IT-forum OU 2016

23.-24. november er det IT-forum OU-konferanse på Hotel Alexandra i Loen. På programmet er det fleire interaktive innslag som du som deltakar vil få mykje meir ut av dersom du førebur deg litt:

Førebuing til «MOOC» (23. nov)

På dag 1 (23. nov) har Bente Sollid frå Høgskulen i Sogn og Fjordane innslag om «MOOC - Praktisk ikt i opne nettkurs» kl. 1545. Ho ber om at du gjer følgjande på førehand: Gå til http://www.mooc.no/course/iktmooc-innforing-i-ikt/ og vel «Meld deg på kurset» nede på sida. Følg oppskrifta på sida. Ta med PC/Mac der du har lagra innloggingsinformasjonen til kurset.

Det er for seint å melde seg til eksamen i år, men det er fritt fram å gjennomføre kurset utan eksamen og du kan melde deg opp neste haust, viss du ynskjer studiepoeng.

Førebuing til «Å lære i skya» (24. nov)

På dag 2 (24. nov.) er første innslag på programmet «Å lære i skya» ved Lars Persen, som er pedagogisk leiar ved Scandec Systemer AS. Han ber om at du gjer følgjande:

  1. Gå til classflow.com og vel «Registrer deg» oppe til høgre. Registrer deg som elev:
    Fyll inn alt unnateke e-postadresse.
    Bruk klassekode QPBR7 (som vist i skjermutskrifta under).
    Når du no har registrert deg og kan logga inn så vil du kunna vera elev under føredraget som dermed blir meir interaktivt. Hugs å ta vare på innloggingsinformasjonen og ta den med til IT-forum!
  2. Bruk dette samskrivingsdokumentet i Google Docs for å skrive spørsmål eller kommentarar før eller undervegs i føredraget: goo.gl/A44sqU

Førebuing til «Barnehagen + iPad = sant» (24. nov)

Siste innslag kl. 13:45 på dag 2, 24. nov. er «Barnehagen + iPad = sant». Dette blir ein workshop for å få erfaring med å lage animasjonsfilm på nettbrett. For å få fullt utbytte av denne sesjonen bør du ta med eit nettbrett med kamera og installera «moviecreator» eller «iStopMotion» på iPad eller «Stop Motion Studio» på Android nettbrett.

140 påmelde til IT-forum OU 2016!

140 påmelde til IT-forum OU 2016!

Det er 140 påmelde til IT-forum OU-konferansen.

Ta kontakt med itforum@vestforsk.no om du vil melda deg på, og enno ikkje har gjort det.

23.–24. november arrangerar IT-forum oppvekst og utdanning (IT-forum OU) konferanse på Hotel Alexandra i Loen. Programmet kan du lasta ned her.

Tema som blir omtala er mellom anna: Læring i en digital tid, skuleleiing og teknologi, adaptiv læring, forsvinn LMS?, å lære i skya, programmering som valfag i skulen og barnehagen + iPad = sant.

På programmet står mellom andre June Breivik frå Handelshøyskolen BI, Lars Persen frå Education Fast Forward / Scandec Systemer A.S, Borgtor Bøyum, Bente Sollid og Eivind Rogne frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kristian Aa og An Hoang Truong frå Gyldendal undervisning, Randi Scheflo frå Sys-ikt, Stine Cecilie Hillestad frå Eid vgs, Jørgen Dølvig Husbyn frå Firda vgs, Carina Lühr frå IST, Vibeke Guttormsgaard frå IKT-Senteret, Ida Dahl frå Rikt AS.

Pressemelding.

(Vi tillet eit utval interesserte leverandørar å ha stand. Ta kontakt med sekretariatet eller arbeidsgruppeleiar)

Haustsamling med IT-forum og KINS 25.–26. oktober!

Haustsamling med IT-forum og KINS 25.–26. oktober!

Næring ut av teknologi

25.–26. oktober arrangerer IT-forum si årvisse haustsamling. I år blir samlinga skipa på Gloppen hotell i samband med KINS-seminaret (Kommunal informasjonssikkerhet) der den 25. oktober. 

Deltakarliste her.

Sjå program for KINS-seminaret her.

Tysdag 25. oktober

  • 0930–1520: KINS-seminar

  • 1525: Oppstart IT-forum; me går frå Gloppen hotell til Melin Medical

  • 1530: Bedriftsbesøk hjå Melin Medical, ved dagleg leiar Ingvill Hestenes

  • 1600: Til Gloppen hotell

  • 1615: Korleis samarbeider Kunnskapsparken Sogn og Fjordane med lokale teknologiverksemder for å utvikla dei? –Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, ved Geir Opseth

  • 1645: Korleis samarbeider Innovasjon Noreg med lokale teknologiverksemder for å utvikla dei? –Innovasjon Noreg, ved Reidun Aasen Nesheim

  • 1715: Pause

  • 1730: Ølsmaking og historie på Gloppen hotell

  • 1930: Middag

Onsdag 26. oktober

  • 0900: Innleiing, ved IT-forum

  • 0910: Ulike innslag frå IT-forum og verksemder om breiband, IT-utdanning, velferdsteknologi digitaliseringsfylket og spanande satsingar:

    • Del 1 Velferdsteknologi
      - Innleiing om IT-forum Velferdsteknologi, ved Ivar Petter Grøtte
      - Svein Helge Lillestøl, EKS om Demoleiligheit på EID
      - Ole Gaute Hovstad, prosjektleiar, SFE om smart valley og tankar om velferdsteknologi og breiband. 

    • Del 2 IT-utdanning
      - Hilde G. Corneliussen og Gunnar Hæreid om satsinga på ei næringsretta IT-utdanning
      - Kommentar: Geir Smedegård, Agnitio AS: Kva gjer vi og kva treng vi av kompetanse?                                                                                               - - Kommentar: Gro Rukan, Framtidsfylket: Kva erfarer vi og kva ser vi av behov?

  • 1200: Lunsj

  • 1245: Del 3 og 4

    • Del 3 Digitaliseringsfylket
      - Geir Svendsen, Vik kommune, om prosjekt digitaliseringsfylket.  
      - Kommentar frå DIFI om Digital agenda, følgjer for Sogn og Fjordane, næringsliv og offentleg sektor.

    • Del 4 IT-forum Breiband
      - Status i fylket, 30 millionar kroner i nye nasjonale midlar til breiband og strategiar vidare ved Olav Skarsbø, Fylkeskommunen og DIFI.              - Kommentar: John G Sperle, Sognenett AS: Kvar er vi og kva er viktig i vidare arbeid med breibandutbygging                                                       - - Kommentar: Ole Ingar Haaland, Enivest AS: Kva er status, arbeid med bygdelag og kva prioritere vi vidare? 

  • 1430: Lefdal Mine Datacenter ved Mats Andersson: frå olivinutvinning til multiglobal teknologiverksemd

  • 1530: Slutt

Leverandørdialogmøte om læringsplattform

Leverandørdialogmøte om læringsplattform

I samband med ei føreståande anbodskonkurranse om ny læringsplattform-løysing  for grunnskulen i Nordfjord, inviterer prosjektgruppa aktuelle leverandørar til eit leverandørdialogmøte på Eid 6. oktober.

Sjå invitasjon.

Invitasjonen blir også lagt ut på Doffin: 147706/ LMS2016

Illustrasjon: Doug Kline

IT-forum OU 2016: 23.–24. november på Hotel Alexandra

IT-forum OU 2016: 23.–24. november på Hotel Alexandra

23.–24. november arrangerar IT-forum oppvekst og utdanning (IT-forum OU) konferanse på Hotel Alexandra i Loen.

Ta kontakt med itforum@vestforsk.no om du vil melda deg på.

Tema som blir omtala er mellom anna: Læring i en digital tid, skuleleiing og teknologi, adaptiv læring, forsvinn LMS?, å lære i skya, programmering som valfag i skulen og barnehagen + iPad = sant.

Programmet kan du lasta ned her.

På programmet står mellom andre June Breivik frå Handelshøyskolen BI, Lars Persen frå Education Fast Forward / Scandec Systemer A.S, Borgtor Bøyum, Bente Sollid og Eivind Rogne frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kristian Aa og An Hoang Truong frå Gyldendal undervisning, Randi Scheflo frå Sys-ikt, Stine Cecilie Hillestad frå Eid vgs, Jørgen Dølvig Husbyn frå Firda vgs, Carina Lühr frå IST, Vibeke Guttormsgaard frå IKT-Senteret, Ida Dahl frå Rikt AS,