I dag har vi hatt møte med digitaliseringsminister Nikolai Astrup

I dag har vi hatt møte med digitaliseringsminister Nikolai Astrup. Vi har diskutert kva nedlegginga av Telenor sitt kobbarnett betyr for oss og midlar til fiberutbygging i Sfj. Her er våre to bodskap og ønskje, som han tok godt imot. Vi har avtalt å halde kontakt med departementet.

«Møte med digitaliseringsminister Nikolai Astrup

Førde, 07.05.19

1. Behov for kontroll på avviklinga av koparnettet, og særleg stans i feilretting

IT-forum Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane fylkeskommune hadde møte med Telenor 20. februar 2019 etter ei rekkje bekymringsmeldingar frå kommunar og innbyggarar. Telenor sitt bodskap då var at dei ønskjer samarbeid og dialog for å få til avvikling av koparnettet på ein god måte.

Telenor må starte der det er alternativ og vente der kommunar søker om å bygge ut med nye breibandprosjekt. Telenor må avvente, elles kjem folk og næringsliv i store vanskar. Vi kan hjelpe kommunane å prioritere. Så må Telenor – for å unngå mykje negativ merksemd og mykje ekstraarbeid – sikre dialog og tilpasse planlegging til lokale behov.

Vi ber om at departementet stiller krav om dette til Telenor.

2. Behov for innsikt og dialog for å kvalitetssikre dokumentasjonen av breibandbehova i fylka

Sogn og Fjordane har rast frå å vere blant dei med mest dokumentert behov og tilføring av nasjonale midlar til langt nede på lista på eitt år. Kriteria er endra. Eitt nytt vesentleg kriteria er tal husstandar som står i fare for å miste koparnettet. Dette gir store utslag til fordel for andre fylke og omvendt for Sogn og Fjordane. Vi opplever store utslag og endringar utan dialog og moglegheit for å gje tilbakemelding.

Vi stiller oss tvilande til at dette kan stemme. Både eigne berekningar og informasjon frå søknadane frå heile fylket om breibandprosjekt no i april 2019 tyder også på det same.

Vi ber om at ministeren sikrar at vi får innsyn i og kan kvalitetssikre dokumentasjonen med lokal kunnskap for å unngå at det blir feil neste år.

Med venleg helsing

Anne Mette Hjelle

Leiar IT-Forum