IKT-konferanse for skule og barnehage i SFj 2014/2015

IT-forum oppvekst og utdanning arrangerte erfaringssamling på Sunnfjord hotell i Førde 2.-3. desember 2014. I 2011 og 2012 vart denne samlinga gjennomført med god deltaking (100 kvart år) på tvers av skuleslag i Loen og på Skei. Samlinga har lang tradisjon før IT-forum tok over stafettpinnen. Då vi i 2013 diverre ikkje kunne arrangere samlinga for ressurspersonar (både leiing, teknisk og pedagodisk) kom det unisone tilbakemeldingar frå regionane om at dette vart sakna.

Difor var vi særs glade for å kunne annonsere ei ny ressurssamling med eit godt innhald og døme på dei gode løysingane som er i bruk i fylket.. 110 deltok og tilbakemeldingane undervegs var særs gode.

Sjå:

Målgruppa var spesielt: Kommunalsjefar/rådgjevarar oppvekst, ikt-ansvarlege/rettleiarar, lærarar og rektorar. Det var mange godbitar på seminaret og mange prioriterte å kome anten ein eller begge dagar!