Offisiell opning av nytt studie i Informasjonsteknologi 15.aug i Førde

IT-forum deltek aktivt på den offisielle opninga til Høgskulen på Veslandet sitt nye studium i Informasjonsteknologi i morgon i Vie i Førde frå kl 10- 1230. 

Styreleiar Anne Mette Hjelle er mellom dei som får halde innlegg for nye studentar. 

Tidlegare styreleiar, assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid og Svein Ølnes, forskar ved Veslandsforsking held innlegg under den offisielle opninga.

Program:

10:00 - 11:00: Opning av det nye studieåret for alle studentar. Talar og helsingar.

11:00: Lunsj for våre inviterte gjestar. Festsalen.

11:45: Offisiell opning av det nye studiet i Informasjonsteknologi

- Opning og tale ved instituttleiar Kristin Fanebust Hetland

- Tale ved assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid og Svein

Ølnes (Vestlandsforsking)

- Helsingar.

12.30: Kaffi og kake, mingling med studentar.

Offisiell invitasjon