PM: Friske millionar til breibandsatsing i Sogn og Fjordane

Vel 17 statlege millionar og 6,6 mill. frå fylkeskommunen løyser ut til saman om lag 65 mill. kr. til breiband i 2018. Over 1 700 nye husstandar i Sogn og Fjordane får no breiband med god kapasitet.

 

– Dette er særs gledeleg, og det er nok ei stadfesting på at koordineringsjobben vi har gjort gjennom mange år i IT-forum og fylkeskommunen gjer ein skilnad, seier fylkesdirektør for næring og kultur, Jan Heggheim.

Styreleiar i IT-forum Sogn og Fjordane, Anne Mette Hjelle, meiner samarbeid er essensielt for å få store tildelingar til Sogn og Fjordane.

– Kommunane, fylkeskommunen og IT-forum har arbeidd med å førebu og kvalitetssikre søknadane i lang tid. Tildelinga er eit godt døme på at vi oppnår gode resultat når forvaltning, forsking og næringsliv klarar å samarbeide, slår Hjelle fast.

Mange år med samarbeid

Midlane frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) løyser ut nye millionar frå både fylkeskommunen, kommunane, innbyggarane og leverandørane. Innbyggjarane i bygdene som no får breiband, bidreg med eigne midlar eller dugnad i den føreståande utbygginga.

Det tyder at når leverandørane går inn med sin del, fylkeskommunen og kommunane sin og innbyggjarane sin, så skal det no byggjast breiband for over 65 millionar i Sogn og Fjordane. Det er rekna ut at dette gjev 1 717 nye husstandar breiband med god kapasitet.

I staden for at kvar kommune skulle arbeide åleine med å skaffe midlar for sine bygder, har vi samla alle aktuelle kommunar og arbeidd med å førebu og kvalitetssikre satsingane slik at vi skal få mest mogleg finansiert. Dei tildelte midlane går til bygder og område som har dårleg breibandtilbod, og som ikkje er kommersielt lønsame å byggje ut for leverandørane.

– Samarbeidet har fungert svært bra gjennom mange år. Eg trur det er ein avgjerande faktor for at fylket har sikra seg vesentleg meir statlege midlar dei seinare åra, seier Heggheim og gjev honnør til kommunane for det gode samarbeidet.

129,6 millionar siste åra

Fylkestinget vedtok i april 2016 ein ny breibandstrategi for Sogn og Fjordane. Målet er at alle bedrifter og innbyggjarar skal ha tilgang til eller ha prosjekt for å etablere godt breiband innan 2020. Strategien er fylkeskommunal, men er avhengig av statleg støtte for å bli realisert.

Sidan 2014 har Sogn og Fjordane sikra seg 129,6 millionar i nasjonale midlar til bygging av breiband i fylket. Det er klart mest av alle fylke i landet. Fleire kommunar i fylket er no ferdige med fullgodt breiband til alle, men fleirtalet av kommunane har enno att mange husstandar som ikkje har normalt breiband.

– Årets tildeling gjer at vi kjem nærare målet, men det er framleis eit stort behov for vidare utbygging i Sogn og Fjordane, seier Heggheim.

Hjelle understrekar behovet for å sikre delfinansiering av breibandprosjekt også i statsbudsjettet for 2019.

– Regjeringa sitt framlegg om ei løyving på kr 99,8 millionar til utbygging i heile Norge er ei nedskjering på over 30 % frå løyvinga i 2018. Dette er svært urovekkande og vil føre til at det tek langt tid å gje alle eit fullgodt tilbod. Vi får eit svært tydeleg A og B-lag for breiband, og problema for innbyggjarane i distrikta utan fullgodt breiband, blir stadig større. Dei kan ikkje ta del i eit moderne samfunn. IT-forum Sogn og Fjordane ber difor om at det blir arbeidd for å auke løyvinga vesentleg.

Tildelinga i 2018 går til følgjande kommunar og prosjekt:

PM_itforum_bb18.PNG


 

For meir informasjon

Jan Heggheim
fylkesdirektør for næring og kultur
jan.heggheim@sfj.no 
Tlf.nr. 905 66 623

Anne Mette Hjelle
styreleiar IT-forum Sogn og Fjordane
amh@lottstift.no
Tlf.nr. 992 84 302

Illustrasjonsfoto:

Anne Mette Hjelle, styreleiar i IT-forum Sogn og Fjordane. Foto: Lotteri- og stiftelsestilsynet