konferanse

Næringsdagane 2017

Næringsdagane 2017

Det er framleis mogleg å melde seg på næringsdagane 2017 på Hotel Alexandra i Loen, 10.–11. mai. Temaet for årets Næringsdagar er «Skapt i Sogn og Fjordane. - På jobb for ei grøn framtid», og på programmet finn du mellom andre Tibber, nLink og Lefdal Mine som kringkastar opning av datasenteret sitt til konferansen.

Meir informasjon og påmelding her!

IT-forum er medarrangør.

Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane

Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane

Sluttkonferanse for prosjektet «Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane» fase 3 vert arrangert 28. februar i Stryn. Målgruppa er leiarar og andre ressurspersonar innan helse og omsorg, IT/teknisk i kommunane, brukar- og interesseorganisasjonar.

Med denne konferansen blir fase 3 i prosjektet runda av. Prosjektet har hatt aktivitetar særleg knytt til fagsystem og alarmsentral, brukarar og gevinstrealisering. Pilotaktivitet og kunnskapsbygging, med oppstart i fase 2, har samstundes vore vidareført.

Konferansen vil ha fokus på tema frå fase 3, og i tillegg vert det innlegg frå brukarrepresentantar, Helsedirektoratet, NAV Hjelpemiddel mfl. Det vert og høve til omvising i opplæringsleiligheita i Stryn.

Program

Vi ynskjer velkomen til ein lærerik og aktiv konferanse!

Les meir om prosjektet her: USHT-Velferdsteknologi

Kontaktpersonar:

Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking, hgc@vestforsk.no
Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester,  mast@forde.kommune.no

Samspel velferdsteknolgi, responssenter og fagsystem

Samspel velferdsteknolgi, responssenter og fagsystem

IT-forum var medarrangør for konferansen: SAMSPEL VELFERDSTEKNOLOGI, lokalt RESPONSSENTER og FAGSYSTEM i kommunane i Sogn og Fjordane.

Det vellukka arrangementet vart gjennomført med 110 deltakarar frå næringsliv og offentleg sektor. Det fant stad måndag 21. november 2016 i Flora Samfunnshus. 

Konferansen vart arrangert i samarbeid mellom fylkesprosjektet Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane og Vestlandsløftet.

Program

 

 

Førebu deg til IT-forum OU 2016

Førebu deg til IT-forum OU 2016

23.-24. november er det IT-forum OU-konferanse på Hotel Alexandra i Loen. På programmet er det fleire interaktive innslag som du som deltakar vil få mykje meir ut av dersom du førebur deg litt:

Førebuing til «MOOC» (23. nov)

På dag 1 (23. nov) har Bente Sollid frå Høgskulen i Sogn og Fjordane innslag om «MOOC - Praktisk ikt i opne nettkurs» kl. 1545. Ho ber om at du gjer følgjande på førehand: Gå til http://www.mooc.no/course/iktmooc-innforing-i-ikt/ og vel «Meld deg på kurset» nede på sida. Følg oppskrifta på sida. Ta med PC/Mac der du har lagra innloggingsinformasjonen til kurset.

Det er for seint å melde seg til eksamen i år, men det er fritt fram å gjennomføre kurset utan eksamen og du kan melde deg opp neste haust, viss du ynskjer studiepoeng.

Førebuing til «Å lære i skya» (24. nov)

På dag 2 (24. nov.) er første innslag på programmet «Å lære i skya» ved Lars Persen, som er pedagogisk leiar ved Scandec Systemer AS. Han ber om at du gjer følgjande:

  1. Gå til classflow.com og vel «Registrer deg» oppe til høgre. Registrer deg som elev:
    Fyll inn alt unnateke e-postadresse.
    Bruk klassekode QPBR7 (som vist i skjermutskrifta under).
    Når du no har registrert deg og kan logga inn så vil du kunna vera elev under føredraget som dermed blir meir interaktivt. Hugs å ta vare på innloggingsinformasjonen og ta den med til IT-forum!
  2. Bruk dette samskrivingsdokumentet i Google Docs for å skrive spørsmål eller kommentarar før eller undervegs i føredraget: goo.gl/A44sqU

Førebuing til «Barnehagen + iPad = sant» (24. nov)

Siste innslag kl. 13:45 på dag 2, 24. nov. er «Barnehagen + iPad = sant». Dette blir ein workshop for å få erfaring med å lage animasjonsfilm på nettbrett. For å få fullt utbytte av denne sesjonen bør du ta med eit nettbrett med kamera og installera «moviecreator» eller «iStopMotion» på iPad eller «Stop Motion Studio» på Android nettbrett.

140 påmelde til IT-forum OU 2016!

140 påmelde til IT-forum OU 2016!

Det er 140 påmelde til IT-forum OU-konferansen.

Ta kontakt med itforum@vestforsk.no om du vil melda deg på, og enno ikkje har gjort det.

23.–24. november arrangerar IT-forum oppvekst og utdanning (IT-forum OU) konferanse på Hotel Alexandra i Loen. Programmet kan du lasta ned her.

Tema som blir omtala er mellom anna: Læring i en digital tid, skuleleiing og teknologi, adaptiv læring, forsvinn LMS?, å lære i skya, programmering som valfag i skulen og barnehagen + iPad = sant.

På programmet står mellom andre June Breivik frå Handelshøyskolen BI, Lars Persen frå Education Fast Forward / Scandec Systemer A.S, Borgtor Bøyum, Bente Sollid og Eivind Rogne frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kristian Aa og An Hoang Truong frå Gyldendal undervisning, Randi Scheflo frå Sys-ikt, Stine Cecilie Hillestad frå Eid vgs, Jørgen Dølvig Husbyn frå Firda vgs, Carina Lühr frå IST, Vibeke Guttormsgaard frå IKT-Senteret, Ida Dahl frå Rikt AS.

Pressemelding.

(Vi tillet eit utval interesserte leverandørar å ha stand. Ta kontakt med sekretariatet eller arbeidsgruppeleiar)

IT-forum OU 2016: 23.–24. november på Hotel Alexandra

IT-forum OU 2016: 23.–24. november på Hotel Alexandra

23.–24. november arrangerar IT-forum oppvekst og utdanning (IT-forum OU) konferanse på Hotel Alexandra i Loen.

Ta kontakt med itforum@vestforsk.no om du vil melda deg på.

Tema som blir omtala er mellom anna: Læring i en digital tid, skuleleiing og teknologi, adaptiv læring, forsvinn LMS?, å lære i skya, programmering som valfag i skulen og barnehagen + iPad = sant.

Programmet kan du lasta ned her.

På programmet står mellom andre June Breivik frå Handelshøyskolen BI, Lars Persen frå Education Fast Forward / Scandec Systemer A.S, Borgtor Bøyum, Bente Sollid og Eivind Rogne frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Kristian Aa og An Hoang Truong frå Gyldendal undervisning, Randi Scheflo frå Sys-ikt, Stine Cecilie Hillestad frå Eid vgs, Jørgen Dølvig Husbyn frå Firda vgs, Carina Lühr frå IST, Vibeke Guttormsgaard frå IKT-Senteret, Ida Dahl frå Rikt AS,