IT-forum julemøte 7.–8. desember i Sogndal

IT-forum julemøte 7.–8. desember i Sogndal

Programmet til IT-forum sitt julemøte 7.–8. desember er no klart:

Program

Programmet er tettpakka og inkluderer både digitaliseringsfylket, bitcoin, innovasjonssenteret på Fosshaugane (omvising), robotar, IT-studium, breibandssatsinga, WIFI4EU, personvern og meir!

Meld deg på her!

Påmeldingsfrist 1. desember.

"Saman er ein mindre aleine" - samarbeid gir breiband i Sogn og Fjordane

"Saman er ein mindre aleine" - samarbeid gir breiband i Sogn og Fjordane

Kronikken i Sogn Avis, laurdag 30.09.2017 er ein av leveransane i eit forskingsprosjekt der vi ønskjer å dokumentere aktivitet som har skjedd gjennom IT-forum i Sogn og Fjordane, for å lære meir om korleis dette nettverket fungerer som eit samarbeidsorgan på tvers av sektorar og einingar i fylket.

Under Forskingsdagane 2017, som har temaet «Verdiar», trykkjer Sogn Avis og Firda ein serie kronikkar skrivne av forskarar ved Høgskulen på Vestlandet og Vestlandsforsking. Dette er ein av desse utvalde. Du finn lenkje til kronikken her

Næringsdagane 2017

Næringsdagane 2017

Det er framleis mogleg å melde seg på næringsdagane 2017 på Hotel Alexandra i Loen, 10.–11. mai. Temaet for årets Næringsdagar er «Skapt i Sogn og Fjordane. - På jobb for ei grøn framtid», og på programmet finn du mellom andre Tibber, nLink og Lefdal Mine som kringkastar opning av datasenteret sitt til konferansen.

Meir informasjon og påmelding her!

IT-forum er medarrangør.

Fylket får ny IT-utdanning

Fylket får ny IT-utdanning

Til hausten blir det ti plassar på ei ny IT-utdanning ved Høgskulen på Vestlandet. Studiet vil ligge i Sogndal eller Førde, og er det første i sitt slag i fylket. – Dette er heilt naudsynt for at fylket vårt skal vere i front på bruk av IT, seier leiar av IT-forum og assisterande fylkesmann, Gunnar O. Hæreid

Sjå vår Pressemelding

Sjå Program for informasjonsmøte om den nye IT-utdanninga 7.mars

Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane

Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane

Sluttkonferanse for prosjektet «Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane» fase 3 vert arrangert 28. februar i Stryn. Målgruppa er leiarar og andre ressurspersonar innan helse og omsorg, IT/teknisk i kommunane, brukar- og interesseorganisasjonar.

Med denne konferansen blir fase 3 i prosjektet runda av. Prosjektet har hatt aktivitetar særleg knytt til fagsystem og alarmsentral, brukarar og gevinstrealisering. Pilotaktivitet og kunnskapsbygging, med oppstart i fase 2, har samstundes vore vidareført.

Konferansen vil ha fokus på tema frå fase 3, og i tillegg vert det innlegg frå brukarrepresentantar, Helsedirektoratet, NAV Hjelpemiddel mfl. Det vert og høve til omvising i opplæringsleiligheita i Stryn.

Program

Vi ynskjer velkomen til ein lærerik og aktiv konferanse!

Les meir om prosjektet her: USHT-Velferdsteknologi

Kontaktpersonar:

Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking, hgc@vestforsk.no
Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester,  mast@forde.kommune.no

Samspel velferdsteknolgi, responssenter og fagsystem

Samspel velferdsteknolgi, responssenter og fagsystem

IT-forum var medarrangør for konferansen: SAMSPEL VELFERDSTEKNOLOGI, lokalt RESPONSSENTER og FAGSYSTEM i kommunane i Sogn og Fjordane.

Det vellukka arrangementet vart gjennomført med 110 deltakarar frå næringsliv og offentleg sektor. Det fant stad måndag 21. november 2016 i Flora Samfunnshus. 

Konferansen vart arrangert i samarbeid mellom fylkesprosjektet Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane og Vestlandsløftet.

Program

 

 

Førebu deg til IT-forum OU 2016

Førebu deg til IT-forum OU 2016

23.-24. november er det IT-forum OU-konferanse på Hotel Alexandra i Loen. På programmet er det fleire interaktive innslag som du som deltakar vil få mykje meir ut av dersom du førebur deg litt:

Førebuing til «MOOC» (23. nov)

På dag 1 (23. nov) har Bente Sollid frå Høgskulen i Sogn og Fjordane innslag om «MOOC - Praktisk ikt i opne nettkurs» kl. 1545. Ho ber om at du gjer følgjande på førehand: Gå til http://www.mooc.no/course/iktmooc-innforing-i-ikt/ og vel «Meld deg på kurset» nede på sida. Følg oppskrifta på sida. Ta med PC/Mac der du har lagra innloggingsinformasjonen til kurset.

Det er for seint å melde seg til eksamen i år, men det er fritt fram å gjennomføre kurset utan eksamen og du kan melde deg opp neste haust, viss du ynskjer studiepoeng.

Førebuing til «Å lære i skya» (24. nov)

På dag 2 (24. nov.) er første innslag på programmet «Å lære i skya» ved Lars Persen, som er pedagogisk leiar ved Scandec Systemer AS. Han ber om at du gjer følgjande:

  1. Gå til classflow.com og vel «Registrer deg» oppe til høgre. Registrer deg som elev:
    Fyll inn alt unnateke e-postadresse.
    Bruk klassekode QPBR7 (som vist i skjermutskrifta under).
    Når du no har registrert deg og kan logga inn så vil du kunna vera elev under føredraget som dermed blir meir interaktivt. Hugs å ta vare på innloggingsinformasjonen og ta den med til IT-forum!
  2. Bruk dette samskrivingsdokumentet i Google Docs for å skrive spørsmål eller kommentarar før eller undervegs i føredraget: goo.gl/A44sqU

Førebuing til «Barnehagen + iPad = sant» (24. nov)

Siste innslag kl. 13:45 på dag 2, 24. nov. er «Barnehagen + iPad = sant». Dette blir ein workshop for å få erfaring med å lage animasjonsfilm på nettbrett. For å få fullt utbytte av denne sesjonen bør du ta med eit nettbrett med kamera og installera «moviecreator» eller «iStopMotion» på iPad eller «Stop Motion Studio» på Android nettbrett.