Breibanddugnad sidan 2003 


  • Sidan 2003 har spleiselag mellom offentleg og privat sektor sikra fylket fleire hundre millionar kroner til breibandutbygging.

  • IT-forum breiband utvikla strategiplanen for breiband i S&Fj vedteken av S&Fj fylkeskommune. Planen har følgjande målsetteing i 2020: Minimum 100 Mbit/s synkront samband til alle bedrifter og minimum 30 Mbit/s til husstandar i Sogn og Fjordane til same pris som i sentrale strok innan 2020.

  • Næringslivet sine krav til nye tenester og låg pris og husstandane sine krav til god kapasitet og tenester som til dømes trippel play (breiband - telefon – tv) skal stettast. Prisane og tenestene skal vere minst like gode som landsgjennomsnittet. Dette er også føringar som er tatt med i framlegg til breibandstrategi for Sogn og Fjordane. Sjølv om denne planen er teknologinøytral, er vårt ”endelege” mål eit fylke der alle har fibersamband i heimen.

  • IT-forum Sogn og Fjordane har også teke initiativ til å starte Nasjonalt Breibandråd, der no dei fleste fylkeskommunene er med.

Alle kommunane i fylket er medlemmar gjennom sine regionale it-samarbeid. I tillegg er næringsliv, både brukarar og leverandørarav breiband medlemmar. Vidare er fylkesnivået og FoU med.  Årsmøtet i Breibandforum vel eit arbeidsutval som står for styringa av aktivitetane i året.

Årsmelding 2017

Breibandstrategi Sogn og Fjordane

Døme på utbyggingar. Faktaark:

Undredal, Hauge, Haus/Ervik og Øvre Kjølsdalen, Stavøya, Kandalen, Lødøen- Møre Grense, Hella-Hamre, Vikadalen


 

Arbeidsutvalet i 2018:

Geir Svendsen, Sogn regionråd- leiar

Alfred Bjørlo, KS S&Fj

Tor Halvar Botnen, Nordfjordkommunane 

Carl-Richard Nyborg-Christensen, SYS-kommunane

Ivar Petter Grøtte/Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking

Bjørn N. Sørensen, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Egil Henning Ytrøy, Sogn og Fjordane Fylkeskommune (observatør)


 

Medlemmer i 2018:

Datainstituttet AS, Enivest AS, Fjord1, Flora kommune, Fylkesmannen i S&F, Høgskulen på Vestlandet, LocalHost AS, NHO Sogn og Fjordane, Nordfjordkommunane, Nordfjordeid Næringshage AS, Økonor Gloppen AS, Sognenett AS, Sogn og Fjordane Energi, Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Stryn kommune, Sunnfjord Energiverk, Sunnfjord Næringsutvikling, SYS IKT, Telenor, Vestlandsforsking, Årdalsnett AS.

Alle kommunane i fylket er medlemmar gjennom sine regionale it-samarbeid/regionråd. I tillegg er næringsliv, både brukarar og leverandørar av breiband medlemmar. Vidare er fylkesnivået og FoU med

 
 

[Aktuelt]