iStock_000006129616_Large.jpg

IT-forum digitalisering

Nettverket IT-forum digitalisering skal styrka arbeidet med digitalisering i kommunane. Gjennom eit omfattande samarbeid med statlege etatar og fylkeskommune, skal kommunane få hjelp til digitaliseringsoppgåver dei ikkje klarer på eiga hand. Nettverket skal vera ein koordinator for ulike digitaliseringsprosjekt i kommunesektoren, og mellom kommunar og stat.

Dette er ei ny satsing i 2018. Arbeidsgruppa inviterte til fagdag om digitaliserings- utfordringar i kommunane på Scandic Sunnfjord Hotel, torsdag 1. februar.

Arbeidsgruppa vil framover jobbe med ei satsing på e-signering og Miside for kommunane i Sogn og Fjordane. Deltakarar i prosjektet er Vik kommune, Førde og Eid. Det er planlagt ei samling for alle kommunane i februar.

Kontaktperson er Svein Ølnes ved Vestlandsforsking: svein.olnes@vestforsk.no