IT-forum oppvekst og utdanning


It-forum oppvekst og utdanning er eit unikt samarbeid (også i nasjonal samanheng) på tvers av skuleslag. ITFOU (tidlegare ITFskule) har frå 2006 arbeidd med å finna ei løysing for digitalt samarbeid og samspel på tvers av alle skulesteg i fylket. ITFOU består av ressurspersonar innan ikt frå alle regionråda, fylkeskommunen, fylkesmannen, høgskulen og Vestlandsforsking. Arbeidsgruppa har tidlegare med hell stått bak og gjennomført eit stort digitalt fellesløft finansiert av fornyingsmidlar. Dette vart dokumentert gjennom ekstern prosjektevaluering gjennomført i 2. kvartal 2011: Digitalt skulesamarbeid i Sogn og Fjordane. Prosjektperiode: 2007-2010 (Høgskulen i Vestfold). Gruppa gjennomførte og frå 2015-2018 eit prosjekt «Satsing på IKT som læremiddel » støtta av skjønnsmidlar frå Fylkesmannen. Her arbeidde gruppa vidare med  koplingar til nye innhaldstenester og betre bruk av nye medier i undervisning. Den årlege konferansen er blitt sentral og revitalisert.

Vi samarbeidar med KS, skule og barnehageutvalet

Mandatet til arbeidsgruppa er å vere pådrivar for digital danning, kunnskapsbygging, utvikling og dialog, innan oppvekst- og utdanning i fylket. Dei deltakande partane er regionråda, fylkesmannen, fylkeskommunen, Høgskulen og Vestlandsforsking. 

 

ITFOU-konferansen


ITFOU gjennomfører årleg ein større konferanse for heving av digital kompetanse i oppvekst og utdanningssektoren i fylket. Dette gjer vi i samarbeid med KS og kommunane i Sogn og Fjordane. 

I 2019 vert konferansen arrangert i Loen 12.-13.november. Ein smakebit er alt lansert og vi har opna for påmelding

I 2016, 2017 og 2018 vart konferansen gjennomført i Loen med hhv 150, 200 og 100 deltakarar.

Informasjon om tidlegare konferanse i 2015 finn du her( 1.–2. desember på Fosshaugane Campus i Sogndal. ) og 2014 i Førde finn du her.

 

Arbeidgruppa i 2019


Bård Fløde, Nordfjordregionen (leiar) /   Thomas Synnevåg Øvstedal frå mai                                                               Randi Scheflo, SYS Ikt
Jarle Christensen, Sogn Regionråd
Jan Erik Ølmheim, Høgskulen på Vestlandet avd Sogndal
Ole Henrik Mølmann , S&F fylkeskommune
Bente Forfang, Flora kommune
Steinar Strømsli, Utdanningsforbundet Bodhild Therese Cirotzki, Fylkesmannen i Vestland
Øyvind Heimset Larsen, Vestlandsforsking/IT-forum 

 

[Aktuelt]