Velferdsteknologi


Velferd + teknologi

«Teknologi vil aldri kunne erstatte menneskelig omsorg og fysisk nærhet. Velferdsteknologi kan imidlertid gi mennesker nye muligheter til selvstendighet og trygghet, og til å klare seg på egenhånd i dagliglivet.» (NOU 2011:11, Innovasjon i omsorg)

Vi ventar ei auke av eldre saman med ei vaksande gruppe av yngre brukarar av helse- og omsorgstenester dei neste tiåra, men ikkje tilsvarande auke i helsepersonell. Velferdsteknologi er fremja som eit av virkemidla for å møte utfordringar i helse- og omsorgstenestene, og for å bidra til innovasjon og å auka kvalitet på helsetenestene.

Prosjektet «Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane» inviterer alle kommunane i Sogn og Fjordane til å delta i arbeid med velferdsteknologi i pleie- og omsorgstenestene. Prosjektet vart finansiert av «Fornyingsmidlar» frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane først gang i 2014, og har sidan fått midlar til nye prosjektoppgåver kvart år. Flora kommune er prosjekteigar, USHT er leiar for IT-forum si arbeidsgruppe og prosjektleiar saman med Vestlandsforsking.

Prosjektet starta våren 2014 med mål å etablere eit breitt samarbeid mellom kommunane i fylket for å setje planlegging og bruk av velferdsteknologi på dagsorden hjå alle kommunane. Prosjektet er ein arena for læring og utveksling av erfaring der det årleg har blitt arrangert fellesaktivitetar med sikte på å formidle kunnskap om teknologi, bruksområde, organisering og samarbeid. Prosjektet bidreg og til å leggje til rette for strategisk planlegging og samarbeid mellom kommunane sine pleie- og omsorgstenester og andre relevante aktørar. Eit sentralt tema som har vorte diskutert dei siste åra har t.d. vore knytt til Alarmsentralen Sogn og Fjordane, og kva rolle denne skal ha når velferdsteknologi vert meir og meir nytta i kommunane. Fylkesprosjektet har også spela ei sentral rolle i å søkje nasjonale midlar til arbeidet med velferdsteknologi. Sidan våren 2017 har 9 kommunar frå Sogn og Fjordane delteke i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet, og desse er i 2018 inne i den andre fasen av dette "spreiingsprosjektet".


 

Arbeidsgruppa

Arbeidsgruppa i prosjektet har følgjande medlemmer i 2018: 

  • Kari Støfringsdal, Flora kommune (Prosjekteigar v/ Terje Heggheim)

  • Kari Krogh, Eid kommune

  • Anita Lothe, Gloppen kommune

  • Marta Strandos, Førde kommune / Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT)

  • Liv Husabø, NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane

  • Ove Bjørlo, Eid vidaregåande skule

  • Beate Tollefsen, Fylkesmannen

  • Joanna Galek, Høgskulen i Sogn og Fjordane

  • Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking

  • Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking/IT-forum (sekretariat)

  • Stig Igland, Helse Førde

  • Terje Brandsøy, Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

  • Jan Olav Larssen, Energikompetansesenteret AS

Kontaktpersonar:
Hilde G. Corneliussen, Vestlandsforsking
hgc@vestforsk.no

Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester
marta.strandos@forde.kommune.no

Ivar Petter Grøtte, IT-forum
ipg@vestforsk.no


 

Bakgrunn

IT-forum har over tid arbeidd med helse og it for fylket. Innsatsen har vore stor og får mellom anna omtale på fylkesmannsbloggen i 2009. I 2013 endra arbeidsgruppa namn frå «IT-forum eHelse» til «IT-forum velferdsteknolgi» for å synleggjere komande satsing på velferdsteknologi.

Eit  forprosjekt i 2005 klargjorde, samordna og planla ei større satsing på effektiv bruk av IKT og breibandteknologi for eit utval tenester innafor helse og omsorg i skjeringspunktet mellom kommunar og helseføretak. Deretter har arbeidsgruppa gjennomført og støtta prosjekt som «Fylkesdekkande IT-tenester for helse i Sogn og Fjordane 1 & 2»,  «Meldingsløftet Sogn og Fjordane» og «Meldingsløftet i kommunane Fase II». Fylket vart i 2009 det første der alle kommunar hadde bestilt Norsk Helsenett-infrastruktur. IT-forum har vore pådrivar for elektroniske meldingar mellom Helse Førde og kommunane, og deretter var IT-forum ein pådrivar for meldingar mellom legekontor og helse og omsorgstenesta. Å følgje opp og fullføre dette har og vore viktig i 2014.


 

[Aktuelt]