Breiband – det mest effektive, rimelegaste og raskaste realiserbare samferdsleprosjektet

Mange opplever no eit svært urettferdig skilje mellom dei som har høghastigheit-breiband og dei som enno slit med gamle og trege kommunikasjonsnett med lav kapasitet. Responsen må vere meir til breiband. Det er det mest effektive, rimelegaste og raskaste realiserbare samferdsleprosjektet i landet.

I den seinaste krisepakka har regjeringa signalisert 150 millionar kroner ekstra til breiband i 2020 og 2021. Vi er glade for dette, men behovet er mykje større for å gje alle ein heilt nødvendig og likeverdig mulegheit til å delta i eit moderne samfunn.  

Koronapandemien har snudd opp ned på det meste den seinare tida. Og vi har verkeleg kome i ein situasjon der tilgang på høghastigheits-breiband er avgjerande for å halde hjula i gang både for private hushaldningar, bedrifter og det offentlege. Nettbasert kommunikasjon er blitt ein svært tydeleg del av god beredskap og samfunnssikkerheit og innbyggarane sine mulegheiter for å få gjennomført heilt grunnleggande arbeidsoppgåver.

Men mange opplever no dessverre eit svært urettferdig skilje mellom dei som har høghastigheits-breiband og dei som enno slit med gamle og trege kommunikasjonsnett. Familiar må ha godt nok breiband for at barn og ungdom skal kunne delta i skuleopplegg medan foreldra kan arbeide via nett og delta i videomøte. Dette er avgjerande for bedrifter og det offentlige. Dårleg breiband gir unødige problem i arbeid, og barn og ungdom får dårlegare deltaking i digitale skuleopplegg og kan få mindre digitalt sosialt samvær med klassekamerater.

God breiband-infrastruktur har stor samfunnsnytte, og er eitt av dei viktigaste samferdsleprosjekta i eit moderne samfunn. Dette har difor vore eit satsingsområde for IT-Forum som saman med fylkeskommunen og kommunane i Sogn og Fjordane har arbeidd 15 år med å sikre stadig betre breiband til alle. Gjennom å stå saman, har Sogn og Fjordane lukkast bra med å få utløyst statlege midlar, men det står enno att mange område som har altfor dårleg tilbod. Dette jobbar vi vidare med i eit IT-Forum som no også har opna for samarbeid i tidlegare Hordaland.

Det er svært viktig at statlege styresmakter bidreg til at alle innbyggar og verksemder i landet har heilt nødvendig og likeverdig mulegheit til å delta i eit moderne samfunn. Erfaring viser att ei statleg krone utløyser minst 2 kroner lokalt. Det er stort behov og vilje til å få til løysingar, men det trengst eit spleiselag og eit partnarskap for å få det til.

 

Kontakt

Leiar i IT-forum Vest:  Anne Mette Hjelle - Anne.Mette.Hjelle@lottstift.no / 992 84 302

Nestleiar i IT-forum Vest: Christiane Ulriksen – christiane.ulriksen@enivest.no / 909 88 461

Pressemeldinga i pdf