NÆRINGSUTVIKLING INNAN TEKNOLOGI

Vi skal vere med å utvikle næring og arbeidsplassar innan teknologi, gjerne i internasjonale samarbeid.

Bakgrunnen for satsinga er at Noreg ligg lågast i Europa i å starte bedrift.

IT-forum Vest skal vere ein støttespelar for å spinne næringsutvikling ut frå utdanning og kompetanseutvikling.​​

Temaplan for breiband og digitalisering løftar fram internasjonalt samarbeid. Internasjonale utviklingsprogram er ein viktig arena for å koble næringslivet på breiare samarbeid.

Arbeidet vil bidra til berekraftig næringsutvikling og grøn omstilling som er sentrale satsingar i desse programma. IT-forum Vest har brukarretta digitalisering som spesiale og brei kompetanse innan internasjonale prosjekt. Dette kan hjelpe bedrifter.​​

Helseteknologi er det næraste temaområdet IT-forum Vest kan engasjere seg i for å stimulere ny næringsutvikling.​

Vi skal:

  • Samarbeide med relevante interessentar ut frå prinsippet om å bidra og støtte dei som vil noko.

  • Delta på arrangement og styrke nettverk. ​

  • Støtte Sunnfjord Utvikling i etablering av næringsklynge og i samarbeid med dei andre klyngene. ​

Effekt?

Lukkast vi med å nå målet, vil vi bidra til å etablere sterke næringsklynger med stort potensiale for vekst og utvikling av produkt og tenester som særleg det offentlege treng i framtida. Vestland vil styrke sin nasjonale og internasjonale posisjon.​

Relevante interessentar:

  • Næringsliv​

  • Kommunar​

  • Helse Førde​

  • Helse Vest​

  • Vestlandsforsking​

  • Kunnskapsparken​

  • Sogn og Fjordane Næringsråd​

  • Innovasjon Norge​

  • Sparebankstiftinga Sfj​

  • Sparebanken Sfj​

  • Sunnfjord Utvikling