REKRUTTERING, MANGFALD OG UTDANNING

Rekruttering er peika på som ei av dei største utfordringane framover. Tilgang til teknologisk arbeidskraft er særleg prekær. Vi skal bidra til rekruttering, mangfald og utdanning innan teknologi.

Vi bidro til å etablere IT-utdanning i Førde og må følgje opp og bidra til at etableringa blir vellukka.​​

Blir vi gode på dette, vil næringslivet, offentleg sektor, utdanning og forsking få tilgang til nødvendig kompetanse. Å auke mangfaldet vil vere avgjerande for verdiskaping og konkurransedyktigheit i regionen framover.

Stort behov

Utgangspunktet for satsinga er eit stort behov blant medlemsverksemdene for arbeidskraft med teknologikompetanse. Etter ein studietur til India i regi av IT Forum, blei det tatt initiativ til mobilisering for og etablering av den nye IT-utdanninga på Høgskulen i Vestland, campus Førde. Første kull er no uteksaminert og det er gode søkartal og studenttal på utdanninga med stabile lærarkrefter på campus.

IT Forum Vest meiner det er særs viktig at denne satsinga blir vellukka og at det blir utvikla eit godt samarbeid med næringsliv og regionen elles. Innsatsen for rekruttering saman med lokalt næringsliv blir difor vidareført. Regionen har stort behov for teknologisk arbeidskraft, og ei betre rekruttering frå alle potensielle arbeidsgrupper har høg prioritet.

Tiltak for å nå mål:

  • Vidareføre arbeid for rekruttering av jenter, kvinner og innvandrar for å gje eit større mangfald av studentar, lærarar og rettleiarar.​

  • Nytte resultat frå relevante forskingsprosjekt i informasjons- og motivasjonsopplegg for breiare rekruttering. ​

  • Halde oversikt over og formidle kvinnelege rollemodellar i Vestland innan IKT. ​

  • Bidra til å kople næring og forvaltning i regionen inn i studentjobbar, gjesteforelesingar og studentoppgåver, for å gjere utdanninga så relevant som mogleg og skape best mogleg studentmiljø. ​

  • Bidra til å etablere vidareutdanning og relevante kortkurs innan digitalisering

Interessentar:

  • Næringslivet​

  • Høgskulen på ​Vestlandet​

  • Framtidsfylket​

  • Vestlandsforsking​

  • Sparebanken Sogn og Fjordane

  • Sunnfjord Utvikling​

  • Helse Førde​

Kontaktperson:

Anne Mette Hjelle, T: 99 28 43 02 E: hei@annemettehjelle.no

Dei som jobbar i arbeidsgruppa er f.v. Reiel Haugland (Sparebanken Sogn og Fjordane), Linda Hovland (Framtidsfylket), Hilde Corneliussen (Vestlandsforsking), Kathe Arnesen), Kristin Fanebust Hetland (Høgskulen på Vestlandet) og Anne Mette Hjelle (IT…

Dei som jobbar i arbeidsgruppa er f.v. Reiel Haugland (Sparebanken Sogn og Fjordane), Linda Hovland (Framtidsfylket), Hilde Corneliussen (Vestlandsforsking), Kathe Arnesen), Kristin Fanebust Hetland (Høgskulen på Vestlandet) og Anne Mette Hjelle (IT Forum Vest).

IT-forum Sogn og Fjordane (før namneendring til IT-forum Vest) var for nokre år sidan i Bangalore, India, på studietur. I kontrast til Noreg, var det der eit fleirtal av unge kvinner som tok IT-utdanning. Dette har inspirert oss til å ville satse me…

IT-forum Sogn og Fjordane (før namneendring til IT-forum Vest) var for nokre år sidan i Bangalore, India, på studietur. I kontrast til Noreg, var det der eit fleirtal av unge kvinner som tok IT-utdanning. Dette har inspirert oss til å ville satse meir på mangfald i rekruttering til IT-utdanning i Vestland.