Breibanddugnad for eit samla Vestland

Vi skal bidra til at alle har tilgang til breiband med høg hastigheit og god mobildekning.

Sidan 2003 har spleiselag mellom offentleg og privat sektor sikra fylket fleire hundre millionar kroner til breibandutbygging. IT Forum Sogn og Fjordane (tidlegare IT Forum Vest) har vore sentrale i denne satsinga. Det var denne arbeidsgruppa som i si tid utarbeidde den første strategiplanen på området for fylkeskommunen og som tok initiativ til å starte nasjonalt Breibandråd, der no dei fleste fylkeskommunane er med. Kva no?

Aktuelt også i dag

Dersom alle skal kunne bruke nye digitale tenester, og kunne delta i eit moderne samfunn, må digital kommunikasjon vere tilgjengeleg. ​​

I dag (2023) manglar 8 100 husstandar i Vestland gigabit-kapasitet, som er det naturlege nivået for god kapasitet på digital kommunikasjon. Desse er dyre og vanskelege å bygge ut. I tillegg bur fleire i område med god fiberdekning, men dårleg mobildekning. I e-helse og næringsliv ser vi at mobilsamband stadig oftare blir brukt. Vidare arbeid med å sikre fullgod mobildekning må prioriterast. ​​

Stadig fleire har dessutan ikkje tilstrekkeleg økonomi til å prioritere breiband. Desse klarar ikkje å ta del i samfunnet slik det er forventa. ​Det er særs viktig at alle i Vestland får eit slikt tilbod og at dei områda som no har dårleg dekning blir ferdig utbygd.​

Med høghastigheits-breiband vil vi:​

  • styrke rekruttering i regionen​

  • behalde og etablere eit variert næringsliv i alle delar av Vestland ​

  • tilgang til offentlege tenester​

  • livskvalitet​

  • digital inkludering og medborgarskap​​

Alt i alt vil det å nå målet sikre medborgarskap, motverke befolkningsnedgang og bidra til trivsel, vekst og utvikling. ​

Tiltak for å nå mål

Vi skal delta i oppfølging av temaplan for digitalisering og telekommunikasjon saman med Vestland fylkeskommune. Her inngår både breiband, mobilnett og tenester.​

  • Følge opp dei attverande kommunane sitt arbeid med å ferdigstilling av restområder med dokumentasjon av behov, tidsplanar og finansiering. ​

  • Formidle behov og ha dialog med leverandørane i regionen inkl årshjul for prosjekt​

  • Påverknad av nasjonale styresmakter for å sikre finansiering til breiband- og mobilutbygging, og sikre opne og rettferdige kriterier for tildeling av midlar.​

  • Påverke styresmakter til å ta med kostnader til breiband og telekommunikasjon i grunnlaget for berekning av støtte frå t.d. NAV. Desse kostnadene bør vere ein del av normale kostnader som straum og vatn.​

Interessentar i satsinga

  • Kommunane (planar og innsats)​

  • Stortinget (budsjett)​

  • Regjering (budsjett)​

  • Vestland fylkeskommune (finans)​

  • Næringslivet (påtrykk)​

  • EKOM-bransjen (kompetanse og gjennomføringskraft)​

Døme på tidlegare arbeid / utbyggingar:

Kontaktperson: Ivar Petter Grøtte E: ipg@vestforsk.no