Gratulerer med valet, Vestland!

Styreleiar i IT-Forum Vest, Christiane Ulriksen.

Styreleiar i IT-Forum Vest, Christiane Ulriksen.

Nestleiar i styret for IT-Forum Vest, Frode Kyrkjebø.

Nestleiar i styret for IT-Forum Vest, Frode Kyrkjebø.

Kampen om stortingsplassane for Hordaland og Sogn og Fjordane er over for denne gang og Vestland har fått nye stortingspolitikarar. 

IT-Forum Vest vil takke dei som no går ut av stortinget for godt samarbeid og god innsats om felles mål. Samstundes vil vi gratulere dei som skal fylle den viktige rolla vidare og minne om våre behov og prioriteringar. 

Vi treng vestlandspolitikarar som: 

  • samarbeider godt og breitt med næringsliv, offentlege aktørar og forsking/utdanning i heile regionen om å løyse felles utfordringar 

  • bidrar aktivt til at lokale og regionale miljø i Vestland er i fremste rekke i å nytte IT i næringsliv, offentleg sektor, opplæring og utdanning  

  • prioriterer breiband og god telecom-infrastruktur både i bygd og by 

  • ser potensialet og har politikk for innovasjon frå offentlege tenester knytt til velferdsteknologi og e-helse 

  • vil stimulere til rekruttering og mangfald, særleg i kritiske teknologifag, for omstillingsarbeidet som ligg framfor oss  

 

IT Forum Vest er klare til å bidra med kunnskap og løysingar om korleis vi kan løyse oppgåvene framover. 

Vi  ser fram til gode samarbeid med våre fremste folkevalde på dei to stortingsbenkane.

På vegner av partnarskapen bak IT-Forum Vest:

  • Leiar Christiane Ulriksen (BKK)

  • Nestleiar Frode Kyrkjebø (KS Vest)

  • Styremedlem Marie Havnen (Lotteri- og stiftelsestilsynet)

  • Styremedlem Nils Erling Yndesdal (statsforvaltaren i Vestland)

  • Styremedlem Kristin Fanebust Hetland (Høgskulen i Vestland)

  • Styremedlem Reiel Haugland (Sparebanken Sogn og Fjordane)

  • Styremedlem Tore Nyhammer (Bergen Fiber)

  • Styremedlem Bjørn Lødemel (Sogn og Fjordane Næringsråd)

Anne Mette Hjelle