IT- Forum OU 2019 i Loen 12. - 13.nov

Første nytt om IT-forum OU 2019!

12.–13. november arrangerer IT-forum oppvekst og utdanning (IT-forum OU) i samarbeid med KS i år som tidlegare år konferanse på Hotel Alexandra i Loen. 

Programkomiteen jobbar også i år for at gode innleiarar og engasjerte detlakarar og utstillarar skal gjere samlinga både lærerikt og inspirerande. Vi vil søke å gjere heile konferansen interessant for alle målgrupper, men vil av praktiske omsyn konsentrere tema/målgrupper noko. 

Tre smaksprøver frå programmet :


Magnus Nohr vil den 12. november engasjere og inspirere oss med sesjonar om nyttige digitale læremiddel for heile utdanningsløpet frå barnehage til vidaregåande skule. Nohr har delt undervisningsvideoar på norsk på sin eigen Youtube-kanal sidan 2008.

Sølvi Ellefsen og Chris Andre Lund frå Statped vest viser og demonstrerer bruk av ulike digitale verktøy. Korleis kan teknologi bidra til auka inkludering i klasserommet og i barnegruppa?

Du lærer om nye tenester for digitale læremiddel, som Bokbasen- Digital Elev.  


Set av dagane! Og om du allereie veit at du vil delta så:

Meld deg på her!

Tips gjerne andre du gjerne vil møte på samlinga!