OU-konferansen 28.-29. april i Loen. Program og påmelding her (fram til og med 27.april)

Kva har vi lært av utfordringa vi har vore gjennom? Korleis kan spel som Numetry støtte mattelæring og Minecraft vere verktøy for samfunnsutvikling? Korleis inspirerer ViteMeir til læring til alle frå barnehage til høgare utdanning? Kva nytt og nyttig fortel Google og forlaga Aschehoug, Gyldendal og Cappelen Damm om fagfornying?   

IT-Forum Vest Oppvekst og Utdanning samlar igjen krefter til konferanse om bruk av IKT i oppvekst og utdanning  28.-29. april.

 «Dei gode døma» er å dele erfaring og kompetanse på læring i ei digital tid frå heile fylket og på tvers av alle skuleslag. Vi håpar som tidlegare år å samle over 100 ikt-kontaktar, pedagogar og leiarar. Støtta frå Statsforvaltaren sine midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt og dugnadsinnsats gjer til at deltakaravgifta er låg.

Konferansen vart først flytta frå desember til 9.-10.mars. På grunn av situasjonen rundt om med sjukmeldingar valde vi flytte konferansen fram ein månad til. Fordi det ikkje er eksamenar i mai i år håpar vi folk både kan og ønskjer å møtast på i fagre Loen på Hotel Alexandra då. Vi i IT Forum OU sin konferansekomite håpar de kan og vil melde dykk på igjen no.

Sidan det er ledig plass på hotellet held vi påmeldinga open heilt fram til onsdag 27. april.

Programinnslag

28. april:

Oppstart kl. 11:00

  • ViteMeir, det nye vitensenteret – Inspirasjon og læring til alle frå barnehage til høgare utdanning v/ Formidlar og Førsteamanuensis ved HVL Kristin Myhra Sæterdal og rådgjevar ved SEFAL / HVL Hege Stein

  • Elevfokus og digitalisering på Feios skule - Elevar frå 10. trinn, saman med lærar, snakkar om positive og negative sider med den digitale skulen

  • Numetry, mattespelet Numetry– La barna spille seg gode i matte! Pedagog Endre Natvik forklarar om spelbasert læring og de får teste spelet på stand.

  • Minecraft som verktøy for samfunnsutvikling i Sogndalskulen. Turid Raboti frå Sogndal kommune og Arnstein Hauge frå Leikanger barneskule fortel om prosjektet og viser fram resultata.

  • HVL Læringslab og Gym&Gaming Sogndal viser seg fram på sesjon for å presentere teknologi- og spelsatsinga som føregår på campus Sogndal, og på stand for å gi innblikk i teknologien som blir brukt ved HVL og GG Sogndal. Presentert av Torkjell Einarson Venjum, vert for Læringslab og rådgjevar i Avdeling for utvikling av læring og undervisning ved Høgskulen på Vestlandet og Elling Bjarneson Venjum, lærar på Kvåle skule i Sogndal kommune og representant frå Gym&Gaming Sogndal.

  • Google ved Google Education Spesialist Kim Aarberg, Online Partner og lærar ved Follese skole fortel om og viser eit utval aktuelle og mykje nytta verktøy i skulane. I dette innlegget får du ein praktisk gjennomgang av Google Workspace for education. Om korleis du brukar Workspace med elevar og lærarar på ein fornuftig og variert måte. Målet med innlegget er å gje deg praktiske undervisningsopplegg som du kan ta med til ditt eige klasserom.

  • Uformell quiz i grupper før middag kl 1945. Lett blanding- ved Jarle Christensen

29. april:

Oppstart kl. 09:30 og avslutning før lunsj kl. 13:00

  • Blupodden – ein podcast for deg som er interessert i barnehagen. Korleis laga podcast for barnehagen? I dette innlegget vil vi syne produksjonsprosessen bak ein podcast. Kva for praktiske, tekniske og kommunikative omsyn ein må ta. Lektor Eivind Rogne fra HVL vil saman med barnehagelærar Mari Engesæter frå Fosshagen utdanningsbarnehage lage ein ny episode til BluPodden. Innlegget rettar seg både mot barnehage og skule.

  • Slik jobbar me med Dragonbox på Flatbygdi skule - Slik gjer vi det i klasserommet hjå oss. Praktiske dømer for lærarar og skuleleiarar. Våre erfaringar så langt. Spørsmål og dialog med salen

  • Fagfornying og digitale læremiddel. Erfaringar og synergiar?

    • Aschehoug Univers deler deira døme og erfaringar frå skular i regionen.

    • Gyldendal Skolestudio deler deira døme og erfaringar frå skular i regionen.

    • Cappelen Damm deler deira døme og erfaringar frå skular i regionen.

Del gjerne med kjente de trur vil ha interesse av å vere saman med oss att i Loen.

PROGRAM I PDF-VERSJON MED TIDER

Velkomen til Loen med oversikt over kven du møter!


På vegner av IT- Forum Vest og arrangementsgruppa

Helsing
Øyvind Heimset Larsen
IT-Forum Vest administrasjonen
Tlf.nr. 97 10 64 54