Koronavirus – Vi flyttar fysiske møte over på digitale løysingar

Koronavirus – Vi flyttar fysiske møte over på digitale løysingar

Styret har vedteke å gjennomføre årsmøtet i IT-forum Vest for 2019 på ein forenkla måte pga. korona-situasjonen i Noreg. Utfordringane for medlemmene er store i ein situasjon der koronapandemien er uavklara og eskalerande og der konsekvensane av tiltak er dramatiske. Dette har vi prøvd å ta omsyn til, samstundes som vi ønskjer å sikre framdrift for IT-forum Vest i 2020. Årsmøtet skjer difor elektronisk, med ein svarfrist på to veker. Styret meiner det er forsvarleg ut frå den ekstraordinære situasjonen vi no har i landet. Vi meiner også at det ikkje er i konflikt med § 6 i våre vedtekter; "Årsmøtet er vedtaksført med det tal stemmande medlemar som møter".