Pressemelding: IT-forum Vest får partnerskapsavtale med Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune har vedteke å inngå samarbeidsavtale med IT-forum Vest for utviklingsarbeid knytt til innovasjon og næringsutvikling for åra 2021 og 2022. Avtalen er eit fagleg samarbeid og nettverk for å nå mål og strategiar i Vestland fylke og har eit økonomisk bidrag på ein million kroner.

Tor André Ljosland (KrF), leiar av hovudutval for næring i Vestland fylkeskommune seier i ei melding at dei inngår samarbeidsavtale med aktørar som er strategisk viktige for å gjennomføre innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke, at partnerane dekkar faglege bidrag for innsatsområda og at arbeidet geografisk kan nå ut til heile fylket.

- IT-Forum Vest set stor pris på tilliten Vestland fylkeskommune viser oss ved å inngå ein slik samarbeidsavtale, seier Christiane Ulriksen, styreleiar i IT-forum Vest.

IT-forum Vest kan vise til ei rekke bidrag med å utvikle breie samarbeidsnettverk i regionen og har mellom anna vore sentral i å skaffa store midlar til breibandutbygging i fylket som har hatt stor betydning både for næringsliv, offentleg sektor og innbyggarane. Arbeidet har og omfatta E-helse og velferdsteknologi, IT i opplæring og utdanning, ny næringsrette IT-utdanning og rekrutteringstiltak knytt til denne.

I det vidare arbeidet skal IT-forum Vest vidareføre innsatsen for å utvikle digital infrastruktur og breiband i heile Vestland, velferdsteknologi, forsterka næringsretta satsing og vidareføre satsinga på rekruttering til teknologifag.

Om IT-forum Vest

- IT-forum Vest sitt føremål er å arbeide for sikre at lokale og regionale miljø er i fremste rekke i å nytte informasjonsteknologi i næringsliv, offentleg sektor, opplæring, utdanning og forsking. IT-forum initierer, samordnar og sikrar felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen, seier styreleiar Christiane Ulriksen

For meir informasjon:

Styreleiar i IT-forum Vest: Christiane Ulriksen – tlf: 909 88 461

Sekretariat IT-forum Vest: Øyvind Heimset Larsen – tlf: 971 06 454, Ivar Petter Grøtte – tlf 908 28 418

Informasjon frå Vestland fylkeskommune: www.vestlandfylke.no/nyheitsarkiv/2021/17-

mill.-kr-i-stotte-til-strategisk-naringsutvikling/

Pressemeldinga i PDF