Pressemelding: Telenor skal oppretthalde sikre og gode tenester til sine kundar

Pressemelding

Leikanger/Førde 14. sept 2018

Telenor skal oppretthalde sikre og gode tenester til sine kundar

Dei siste dagane har media omtalt ei sak i Hellevik i Fjaler der eit gardsbruk ikkje lenger kan nytte vanlege elektroniske tenester etter ein feil i det eksisterande koparnettet. Mobildekninga i tunet er og svært dårleg. Dermed har det oppstått ein situasjon der næringsverksemda og den vanlege busetnaden ikkje kan bruke nettbank, kommunisere med Tine sine system, eller gjera anna normalt arbeidet over internett.

Dette er ei viktig og alvorleg problemstilling som både Sogn og Fjordane fylkeskommune og ITforum Sogn og Fjordane har arbeidd med i mange år.

- Sogn og Fjordane har med spreidd busetnad og til dels vanskelege fysiske kommunikasjonar særlege utfordringar med å sikre alle innbyggarar, skular og heile næringslivet tilgang til moderne breiband.

Fylket har gjennom fleire år hatt dårlegast dekning i landet. Etter stor samordna innsats i fylket er dette i ferd med å betre seg, men framleis står mykje att. Det er særs viktig at eksisterande samband ikkje blir kopla ned før nye fullgode løysingar er på plass. Det seier fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim.

I den aktuelle saka i Fjaler er det både relativt nye linjer fram til gardsbruket og ikkje svært lange avstandar. Det er og to fasttelefonar på sambandet, og det gir leveringsplikt for Telenor. Etter eit spørsmål i Stortinget våren 2017 om nedkopling av nett i Nordland, skreiv dåverande samferdsleminister, Ketil Solvik Olsen, mellom anna følgjande (07.04.17):

«Det avgjørende for meg er at utskiftningen gjøres på en måte som sørger for at kundene som flyttes over fra tradisjonell fasttelefoni til andre produkter får et tilbud av tilstrekkelig god kvalitet. Jeg forventer at Telenor opprettholder sikre og gode tjenester til sine kunder og overholder avtalen om leveringsplikt fra 2004.»

Bodskapen frå samferdsleministeren er også ført vidare i den nyaste avtalen frå mars 2018 mellom Staten og Telenor om levering av tilgang til offentleg telefonteneste og digitalt elektroniske kommunikasjonsnett.

- IT-forum Sogn og Fjordane har sidan 2003 arbeidd for å sikre alle innbyggjarar i Sogn og Fjordane gode breibandløysingar. I dei siste åra har eit breitt samarbeid og spleiselag mellom innbyggarar, kommunane, fylkeskommunen og leverandørar løyst ut over 130 millonar kroner i statlege midlar til breibandutbygging i fylket. Det er mest i landet, men framleis er mykje uløyst. Det trengst vesentleg meir midlar og satsing for at alle skal ha tilgang til eit høveleg breiband. Vi må sikre at verdiskaping kan skje i heile landet, og at det kan vere attraktivt å bu også der ressursane faktisk finst. Tilgang til breiband av god kvalitet og med tilstrekkeleg kapasitet er ein føresetnad for digital deltaking og for at alle innbyggarar også skal kunne nytte grunnleggande offentlege tenester, seier Anne Mette Hjelle, leiar i IT-forum Sogn og Fjordane.

For meir informasjon kontakt:

Fylkesdirektør Jan Heggheim, tlf.nr. 905 66 623

Leiar i IT-forum: Anne Mette Hjelle, tlf.nr. 992 84 302

Pressemelding i pdf