IT-forum OU 2019 er gjennomført. Vel møtt 3.-4.nov. 2020 i Loen!

175 oppvekst- og skulefolk frå heile fylket fekk mange svar då IT-forum inviterte til konferanse i Loen 12.-13 november. Kan ein god digital studieteknikk eliminere eller marginalisere ulike lærevanskar? Korleis kan teknologi auke inkluderinga? Korleis kan eit fysisk opplevingsspel kombinere element frå dataspelverda og verkelegheita til ei både lærerik og spanande oppleving?

Aktivitet og "Escaperoom" 

Tema for denne årlege samlinga var god digital studieteknikk, med dei gode døma og fagfornying. På agendaen står teknologi og læring - også for dei minste. Både lokale ressursar og nasjonalt profilerte innleiarar og deltok med brei og ulik erfaring. Ein av dei som merkar seg positivt ut i evalueringa deltakarane gjorde etter konferansen, er Magnus Nohr frå Høgskolen i Østfold. Hans bidrag er også det Mari Gunhildrud vil framheve som spesielt matnyttige. Ho er lærar og medlem ikt-nettverksgruppa i den nye storkommunen Sogndal og vart også begeistra over heilt nye utfordingar. 

– Sjølve introduksjonen var veldig kort, så skulle vi deltakarar sjølve løyse oppgåver i eit såkalla "Escaperoom"- opplegg. Ein kan godt kalle dette ein aha-oppleving, eg vart inspirert til å leggje opp til at også mine elevar får meir aktivitet inn i læringa. Å finne ut av ting og løyse problem sjølv er god læring, seier Gunhildrud. Ho er svært nøgd med konferansen generelt. På spørsmål om ønskje for neste konferanse nemner ho meir fokus på konkrete operativsystem/plattformer.

(Dette er ein kortare versjon av artikkelen på Vestlandsforsking sine nettsider)

Presentasjonar som er tilgjengeleg no i etterkant:

Magnus Nohr - Aktive elever lærer best

Aleksander Husøy - Hæ - Skal jeg liksom game også nå

Anita Lundberg Lin Education- Teknologi og læring - også for de minste

Ida Stene -Digital elev der digitale læremiddel er samla i Bokbasen