Storsamling for IKT-læring i fylket

Vi er glade for å kunne invitere til det vi sjølve meiner er eit godt program retta mot både barnehage, grunnskule, vidaregåande og litt for høgskulen 12.-13.november i Loen.

IT-Forum oppvekst og utdanning gjennomfører årleg ein større konferanse for heving av digital kompetanse i oppvekst og utdanningssektoren i fylket. Dette gjer vi i samarbeid med KS og kommunane i Sogn og Fjordane. Arbeidsgruppa/komiteen les du om her.

175 er påmeldt og Alexandra er fullbooka!

Spørsmål til hotellet kan rettast til Linda Sanden direkte på tlf 57 87 50 36 eller mail: linda@alexandra.no.

Vi reserverte 75 rom og utvida til 130. Vi har informert om at ein ved stor påmelding - om ein bestiller f.o.m. 27. oktober- kanskje måtte overnatte på Hotel Loenfjord. Prisane inkluderer bruk av møterom etc., pausemat og lunsj. I overnatting er også middagsbuffè tysdag samt frukost og lunsj onsdag inkludert.

Hugsar du ikkje heilt om du alt har meldt deg på eller lurer du på kven du møter i Loen?

Her er den offentlege deltakarlista som i teorien alltid skal vere oppdatert.

Programmet i pdf (oppdatert 12.november)

Pressemelding 29102019

NB: Alle deltakarar bør ha med seg pc/ipad/mac på konferansen.

Standhaldarar i vrimleområdet utanfor salen er i år: Atea, VREducation, Lin Education og Gyldendal

I tillegg til andre verktøy i innlegga nyttar vi:

- sli.do- til spørmål og evt avstemningar undervegs  (www.slido.com med kode: #F413)

- eit google docs- samskrivingsdokument til fri bruk undervegs (Klikk på lenkja)

- Rett etter konferansen set vi pris på om du evaluerer oss: Evaluering av IT-forum OU 2019

Loensalen vert nytta til innlegg i plenum og ein sal rett attmed til parallellsesjon. 

Workshopar kan ta i bruk Fjordsalar når innleiarar meiner det er behov for ekstra rom.


Konferansegåve i år er:

Kaffi frå Sognefjord Kaffibrenneri saman med konferanse-koppar frå Sogndal ressurssenter

Praktisk informasjon 

Alle deltakarar må gjera opp/avtale fakturering med hotellet individuelt før heimreise, både for overnatting, mat og dagpakkar. Prisane inkluderer 200 NOK administrasjonsgebyr til IT-forum.

Presentasjonar:

Magnus Nohr - Aktive elever lærer best

Aleksander Husøy - Hæ - Skal jeg liksom game også nå

Anita Lundberg Lin Education- Teknologi og læring - også for de minste