IT-forum Vest er skipa

IT-forum Sogn og Fjordane er blitt til IT-forum Vest. 14 store samfunnsaktørar på Vestlandet deltok på det formelle skipingsmøtet på Skei 18. oktober 2019. Medlemmene kjem frå privat og offentleg sektor, samt utdanning, forsking og utvikling. 

Det tette og langvarige samarbeidet mellom privat og offentleg sektor har vore viktig for utviklinga av Sogn og Fjordane. Utan det, ville m.a. ikkje så mange hatt tilgang til internett via fiber. Sidan 1996 har partnarskapet ikkje berre utløyst store breibandsmidlar, men også bidratt til å etablere Difi på Leikanger, IT-studiet i Førde og ikkje minst fått alle kommunar i Sogn og Fjordane med på ei satsing på velferdsteknologi. IT-forum har også gjennom mange år samla tilsette frå skular og barnehagar på ein årleg konferanse i Loen. 

Skipinga av IT-forum Vest skal sikre at samarbeidet på tvers om viktige satsinger held fram i den nye regionen.  

Dei som skipa det nye IT-forum Vest er:

  • Vestlandsforsking

  • Høgskulen på Vestlandet

  • Enivest

  • Sogn og Fjordane Energi

  • Sognenett

  • Innovasjon Norge Vestland

  • Fylkesmann i Vestland

  • Helse Førde

  • Lotteri- og stiftelsestilsynet

  • Sparebanken Sogn og Fjordane

  • Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane

  • Sogn og Fjordane fylkeskommune

  • Sogndal Fotball

  • KS - Kommunesektorens oranisasjon

Føremålet med foreininga er å sikre at lokale og regionale miljø, gjennom eit tett samarbeid, er i fremste rekke i å nytte informasjonsteknologi i næringsliv, offentleg sektor, opplæring, utdanning og FoU. IT-forum initierer, samordnar og sikrar felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen. 

Med å skipe IT-forum Vest, går startskotet for eit utvida nedslagsfelt for det gode partnarskapet Sogn og Fjordane har nytt godt av sidan det blei etablert.

No startar jobben med å invitere inn relevante bedrifter og verksemder i den nye Vestland-regionen til å bli medlem. IT-forum har fungert etter prinsippet om at dei som vil noko, får bli med. Denne tanken tar vi med oss vidare.

Les meir om IT-forum