Bra nivå på breibandsmidlar til Vestland i 2023

Vi er glade for at det auka nivået på løyvingar dei seinare åra blir vidareførd, seier Ivar Petter Grøtte. Han er IT-forum Vest sin mann i arbeidet med ny temaplan for breiband og digitalisering i Vestland fylkeskommune. I går kom årets tildeling frå nasjonale myndigheiter.

33, 1 mill til Vestland

Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) som offentleggjer fordelinga av breibandsmidlar. I alt er det 362,7 millionar kroner som blir fordelt til fylkeskommunane for å sikre innbyggarane i heile landet tilgang til raskare og meir stabil internetttilgang. Vestland får kr. 33 151 627 av potten. Midlane blir tilgjengeleg tidleg på året.

Frå 30 til 100 mbps

Grøtte, som samarbeider med og gir innspel til Vestland fylkeskommune i dette arbeidet, er fornøgd. Han peikar på at det er særleg viktig at grensa for kva som kan støttast for ny utbygging i høve dagens breiband  er heva frå 30 mbps til 100 mbps. Det vil gje langt fleire husstandar og verksemder rett til støtte enn tidlegare.

Glad for temaplan

- Det er likevel enno mange som står att utan fullgodt breiband, og vi er glade for at Vestland fylkeskommune no arbeider med ein temaplan for breiband og digitalisering som skal definere både ambisjonsnivå og ein plan for å løyse det attståande.

Les heile saka om fordeling av breibandsmidlar frå Nkom.

Løyvingane til Vestland dei siste åra ser slik ut:

  • 2020:  406 mill inkl 150 mill i ekstraordinær «corona»-løyving

  • 2021: 364 mill

  • 2022: 304 mill

  • 2023: 362 mill

I tillegg har fylka store midlar som blir overført frå 2022. Dette gjeld og Vestland.

 

Ivar Petter Grøtte er engasjert i IT-forum Vest gjennom Vestlandsforsking. Gjennom IT-forum Vest har Grøtte vore ei viktig drivkraft for å styrke utbygginga av breiband i Sogn og Fjordane. (Foto: Vestlandsforsking)

Anne Mette Hjelle