Digital inkludering

Vi skal bidra til at alle kan vere inkludert i det digitale samfunnet

​​Om lag 14 % av befolkninga over 16 år har liten eller ingen digital kompetanse (jf. Kompetanse Norge-rapport 2021). ​​

At ei så stor gruppe opplever digitalt utanforskap er svært alvorleg.

Har du ikkje digital kompetanse, så blir du ståande utanfor.  Alle må få like moglegheiter til å bruke tenester og tilbod for å kunne ta del i utdanning, arbeidsliv og samfunnslivet elles. Det er også eit stort problem med tanke på tilgang til kompetent arbeidskraft i Vestland.​ ​

Digital inkludering er ein tvilling til komplett digital infrastruktur. ​

Vi skal bidra til at alle kan vere inkludert i det digitale samfunnet. Vi vil løyse ut potensialet i breie samarbeid mellom brukarar, frivillige og lokale styresmakter.

Tiltak for å nå mål

  • Erfaringsformidling – dele gode døme​

  • Skape møteplassar og dialog mellom generasjonar​

  • Bidra til å utvikle og mobilisere samhandling mellom frivillige organisasjonar og brukarar/tenester, t.d. skaffe finansiering ​

  • Legge vekt på universell utforming, t.d. i samarbeid med Digdir og Tilsynet for universell utforming av ikt​

  • Legge til rette for opplæring på tvers av ulike tekniske løysingar​

  • Motivere til å bruke grunnskule og vgs for å utløyse potensiale for å bidra i sine lokalsamfunn​