Vi løftar i lag

Tidlegare IT-Forum Sogn og Fjordane er blitt til IT-Forum Vest. Gjennom eit utvida regionalt samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø, løftar vi i lag og forsterkar rolla som ein viktig utviklingspartnar i det nye Vestland.

  • Vårt samfunnsoppdrag er å bidra til berekraftig vekst i Vestland gjennom eit breitt samarbeid om IT i næringsliv, offentleg sektor, utdanning og forsking.​ IT Forum Vest tek initiativ til, samordnar og bidrar i felles utviklingsaktivitetar til nytte for heile regionen.

  • Vår visjon er å vere ein viktig alliansepart og sterk bidragsytar for å skape ein god morgondag for alle i Vestland gjennom bruk av teknologi.

  • Våre verdiar er brukarnytte, samarabeid og mobilisering.

Vårt nettverk har aktive arbeidsgrupper på breiband, velferdsteknologi, og oppvekst, rekruttering og mangfald. Vi står også bak satsingar som nytt IT-studium i Høgskulen på Vestlandet, er medarrangør for konferansar og har eigne nettverks-samlingar. 

Vedtektene våre les du her.

Årsmelding for 2023

Årsmelding for 2022

Vil du bli med?

  • Om du ønskjer å melde deg inn som medlem IT-Forum Vest, fyll ut vårt innmeldingsskjema eller ta kontakt med administrasjonen ved Øyvind Heimset Larsen på e-post: ohl@vestforsk.no.

 Historie

  • Forløparen til IT-forum Vest var IT-forum Sogn og Fjordane, etablert i 1995.

  • Det var årsmøtet i IT-forum Sogn og Fjordane i 2019 som avgjorde vegen vidare i det nye fylket, Vestland. Konklusjonen vart å halde fram samarbeidet og opne opp for partnarskap og nettverk sørover. Les vurderinga i Strategidokumentet.

  • Skipingsmøtet for IT-forum Vest fann stad på Skei 18.10.2019. 14 samfunnsaktørar og medlemmar av representantskapen i det tidlegare IT-forum Sfj vart med vidare inn i den nyskipa foreininga. Du kan lese årsmeldinga for 2019 her.

  • Forskingsrapport frå Vestlandsforsking (2018) gir god innsikt i historia til IT-forum Sogn og Fjordane som nettverk, møteplass og drivkraft for “superheltar”.

  • Meir om IT-forum finn du i denne artikkelen Fjordantologien 2018 “Kapittel 6: På jakt etter suksessformelen for samarbeidsnettverket IT-forum Sogn og Fjordane“ og frå tidlegare leiarar, Jan Heggheim i Porten 06.03.2015 - IT-forum, eit føredøme? og Gunnar Hæreid i Firda 30.05.2018 -Kva ville fylket vore utan IT-forum? 

  • Modellen under, basert på Trippel-Helix, viser aktørane i det tidlegare IT-forum Sogn og Fjordane. Mange av dei same aktørane er med vidare inn i IT-forum Vest.

  • Tidlegare arbeidsgrupper i IT-forum er: Digitalisering, Leverandørnettverk, Teknisk drift og utvikling, Oppvekst og utdanning, eForvaltning, KxG

    Representantskapen opprettar og legg ned nettverk ut frå strategiske val. Større aktivitetar i IT-forum blir oftast organiserte i prosjekt, til vanleg organisert av to eller fleire medlemer saman. Prosjektgruppene står for gjennomføring av tidsavgrensa aktivitetar medan nettverka organiserer meir langsiktige og breie aktivitetar med større vekt på informasjons- og kunnskapsutveksling. Nettverka omfattar også etablering av strategiske alliansar med andre brukarforeiningar, organisasjonar og programsatsingar.