Nytt medlem vil bidra til auka digital kompetanse

Merethe Stave har teke med seg sin lidenskap for teknologi tilbake til Stadlandet, der ho ser store moglegheiter for å bidra til digital kompetanse i Vestland gjennom IT Forum Vest.

Vi er glade for å ønske CloudWay AS velkomen som nytt medlem i IT-forum Vest!

Cloud Way har eit team med 11 tilsette, alle engasjerte ekspertar på Microsoft-teknologi. Dei tilbyr alt frå helsesjekkar og prosjekt til opplæringsworkshopar, og hjelper kundar å få mest mogleg ut av teknologien sin.

Dette engasjementet strekkjer seg også utanfor arbeidstid, med aktiv deltaking i fagnettverk og konferansar både i Noreg og internasjonalt. Ein sentral tilsett i dette er Merethe Stave frå Stadlandet.

Flytta heim under pandemien

Merethe Stave er Chief Customer Officer og Senior Cloud Architect i CloudWay. Ho flytta heim til Stadlandet i 2021 under pandemien, der ho jobbar heimafrå innimellom alle konferansane ho deltek på. Ho er ein bloggar og anerkjend foredragshaldar og har bidratt på konferansar som Modern Workplace i Paris, SharePoint Saturday i London og fleire gonger i Teams Nations online-konferansen.

Teknologireisa til Merethe Stave

Merethe Stave har hatt ei bemerkelsesverdig reise gjennom teknologiens verden. Det byrja med eit tilfeldig møte med SharePoint og har vokse til eit djupt engasjement for Microsoft 365, Microsoft Viva og Microsoft Copilot.

Innsatsen og kunnskapen hennar er anerkjent gjennom prisar som Norges 50 fremste kvinner i tech i 2020 (Abelia og Oda-nettverket) og Microsoft sin partner-pris i 2022 for “Woman promoting Microsoft Technology”. Ho har tittelen Microsoft MVP (Most Valuable Professional), ei anerkjenning Microsoft gir årleg til dei som har bevist fagleg dyktigheit og som deler av innsikt, kunnskap og erfaring på fritida.

Deler kunnskap og erfaring

I tillegg til blogging og foredrag, har Merethe også vore med i program-komiteen for den årlege ESPC-konferansen på 3. året og har gjort fleire ad-hoc foredrag og podcastintervju.

Ikkje overraskande er ho også primus motor i fagnettverket Norwegian Microsoft 365 Community, som no har “avdelingar” Norge rundt, samstundes som dei held jamnlege online treff.

I fem år (dei siste som leiar), var ho med og dreiv den årlege konferansen SharePoint Saturday i Oslo. Merethe er også med-organisator i internasjonale fagnettverk som

  • Employee Experience community

  • Viva Explorers community

  • Microsoft Adoption Community

  • Women in Teams Community

Brenn for digital kompetanse

Merethe har teke med seg sin lidenskap for teknologi tilbake til Stadlandet, der ho ser store moglegheiter for å bidra til digital kompetanse i Vestlandet gjennom IT Forum Vest.

Ho ser for seg at vi kan utvide IT-forum Vest med eit frivillig fagnettverk som er gratis og som kan hjelpe å få fleire opp på digitale “bein”. Ho foreslår å samle IKT-leverandørar, fylket og kommunar og andre aktørar innan teknologi på Vestlandet om å gå saman å tilby gratis kurs i eit felles program, eit digitalt løft for Vestlandet. - Om alle gir litt, så vinn alle på det, seier ho.

Gratis, frivillig fagnettverk

Hennar initiativ for eit gratis, frivillig fagnettverk som tilbyr kurs og opplæring, kan gjere ein stor skilnad for regionen, meiner ho - og vi.

Som det nyaste medlemmet i partnarskapen i Vestland viser Merethe Stave og selskapet korleis teknologisk innovasjon og samfunnsengasjement kan gå hand i hand. Vi ser fram til å jobbe vidare med ideen, som går rett inn i satsingsområda digital inkludering og mangfald i teknologi.

PS! Vil du og di verksemd også bli medlem? Ta kontakt eller send innmeldingsskjema. Vi ønskjer alltid nye motiverte medlemmer i Vestland velkomne!

Anne Mette Hjelle