Digital skulegong - på godt og vondt!

Deltakarane på oppvekst- og utdanningskonferansen i Loen lytta godt då elevane ved Feios skule i Vik fortale om sine erfaringar med digital skule. Therese S. Bakken, Kristina Feidje og Lars Brekke saknar eit meir nyansert bilde på bruk av IT i skulen.

Dette var det beste innlegget eg har høyrt på ein IT-konferanse!
— Deltakar på IT-Forum Vest sin årlege konferanse for IKT i oppvekst og utdanning i Loen 28. og 29. april 2022, etter å ha høyrt elevane sine tips og råd for digital undervisning.

Elevane sine meiningar må bety noko!

Elevane Therese S. Bakken, Kristina Feidje og Lars Brekke er alle elevar ved Feios skule. Alle har hatt eigne ipadar sidan 1. klasse og dei etterlyser eit meir nyansert bilde av bruken av IT i skulen.

Me ser ofte kronikkar i dei store avisene der folk meiner noko om digitaliseringa av skule. Ofte er det foreldre som uttalar seg, men kva med våre stemmer? Me saknar eit meir nyansert bilete på bruken av IT i skulen, der elevane sine stemmer blir vektlagt i større grad. Ofte blir framstillingane veldig svart/kvitt. Anten er du for, eller så er du mot. Dette tykkjer me blir heilt feil.

God og dårleg digital undervisning

Elevane la vekt på at digitale verktøy må brukast på ein god måte. Å scanne sider frå ei bok, der eleven skal skrive inn rett svar med fingeren på ein skjerm, er totalt meiningslaust. Det er mykje betre å få skrive med ark og blyant enn å bruke fingeren på skjermen. Therese viste døme på dårleg digital undervisning.

Me trur at mange som er negative til digitale verktøy dessverre har fått vel mange av desse oppgåvene. Ein må heller bruke dei smarte løysingane og moglegheitene som er. Då kan det bli meir effektivt og motiverande å bruke skjermen.

Tips og råd frå elevane:

Bruk verktøya fullt ut! Ikkje ver så redde for at me ikkje brukar blyant. Det gjer me!

#Topp4fordelarogulemper

Fordelar:

Alt er lett tilgjengeleg

Det er effektivt - og gir rom for å gjere andre ting

Vi er oppdaterte til kvar ei tid

Tilpassa kvar elev

Ulemper:

Må lade ofte

Appar må oppdaterast

Når internettet sviktar :-(

Læreverket kjem ikkje alltid på nynorsk

Kan programvare vere pedagogisk?

Feios-elevane viste fram gode døme på digital undervisning, m.a. Campus til matteundervisning. Der kan dei sjå forklaringsvideoar, gjere leksjonar i eige tempo, med ulik vanskelegheitsgrad og med eigenvurdering. Lærarane kan sjå kva dei har gjort, kor langt dei er komt og gje sine vurderingar. Det finst og diskusjonsoppgåver som lærarane kan invitere til, slik at dei kan diskutere oppgåver høgt i klasserommet. Kristina løfta også fram digitale bøker (Unibok) som ein god hjelpemåte, spesielt i tysk og engelsk.

Då får me høyre på tekstane, høyra ei setning om gangen og etterlikne den som les, slik at me får rett uttale.

Dei løfta også fram Dragon Box, Numetry og multismartøving som gode døme på pedagogisk programvare. Dei avviser at dei aldri skriv for hand, at dei gløymer å føre.

Me fører. Me brukar bok. Me både teiknar og skriv.

Skjerm heile dagen!?

Lars løfta fram diskusjonen rundt skjermbruk.

Mange fryktar at me blir sitjande framfor skjerm heile dagane. Gjer me det? Eg meiner ikkje dette er noko problem. Ein bør heller tenkje på den skjermtiden me brukar heime ved å skrolle og lese på sosiale medium. Det er eit mykje meir alvorleg problem.

Elevane er samde i at ein kan bli trøytt og utslitt av å bruke mykje nettbrett. Deira tips er å ta eit avbrekk eller ein pause. Då går det heilt fint, men det varierer på person til person kor mykje skjermtid ein kan klare.

Me får i stor grad tid og moglegheit til å både reflektere og diskutere med bruk av nettbrett. Alle dei digitale læringsverka som me ha, legg stor vekt på munnlege aktivitetar. Difor er det rikeleg med diskusjonsoppgåver.

For mykje informasjon?

På kritikken om at tilgangen på informasjon er for stor og at det er for lett å bli distrahert eller jukse, svarar dei at informasjonsflommen både kan vere negativ, men også positiv. Relevant informasjon er lett å finne og med nokre reglar vil ikkje juks vere eit problem, heller ikkje mindre effektivitet.

Slitsamt med små skjermar?

Størrelsen er ei vanesak. Tipset er å bruke fleire skjermar. Då vil ein få meire plass og meir struktur over arbeidet.

Foreldre som jobbar på kontor er vand med store skjermar og tastatur. Overgangen kan vere stor, men dette er ei vanesak.

Blir ein lett distrahert?

Elevane er klare på dei som går på ein liten skule klarar seg godt, med gode lærarar og god kontroll. Dei trur at på større skular, kan det vere distraherande og vanskeleg å kontrollere klassar med nettbrett.

Passive?

Feios-elevane går på ein skule som satsar på aktive elevar. Dei gjer mykje anna enn skjerm, men meiner at bruken av skjerm gjer læringa så effektiv at det frigjer rom til andre ting, som å reise, utforske og prøve.

Kva med nynorsken?

Det er slik at det meste kjem på bokmål først. Slik er det med vanlege lærebøker, men elevane er medvitne om språkbruken, og ilag med lærarane påpeikar dei feil og manglar. Lærarane er også flinke til å melde inn til forlaga når det er feil, sa Therese.

Lærarane meiner at mange funksjonar er så gode, at ein ikkje alltid kan la skriftsspråket forseinke oss. Eg trur ikkje nynorsken vår blir dårlegare sjølv om me ofte må vente på nynorsken.

Digital framtid

Lars var oppteken av at teknologi er sentralt i framtida. Yrka utviklar seg frå manuelle til digitale og automatiserte operasjonar. For dette skiftet treng ein menneske med erfaring og det startar heilt ned i barneskulen. Det er ofte elevar som hjelper lærarar med digitale verktøy, men det er god læring å lære vekk. Blir ein vand med digitale verktøy, går det raskt å finne ut korleis verktøy skal brukast.


Les heile programmet for OU-konferansen i Loen, der nær 70 lærarar og andre frå oppvekst-sektoren i regionen deltok.

Konferansen er eit samarbeid med KS Vest-Norge og har fått fornyingsmidlar frå Statforvaltaren. Den er endeleg i gang att etter å ha vore avlyst/utsett pga. koronasituasjonen. Målet er at konferansen skal arrangerast kvart år på hausten.

NB! Neste konferanse blir etter alt å døme hausten 2023. Send e-post til Øyvind Heimset Larsen i IT-Forum Vest ohl@vestforsk.no om du vil sette deg på liste for å få tilsendt informasjon om neste konferanse når det er klart.

Anne Mette Hjelle