Innkalling til skipingsmøte for foreninga IT-forum Vest

Medlemmar i representantskapen og styret for IT-forum Sogn og Fjordane vert med dette invitert til skipingsmøte for IT-forum Vest på:


Thon hotell Jølster, Skei fredag 18.oktober kl 09:30 - 12:30.


Årsmøtet i IT-forum Sogn og Fjordane 12.april i 2019 gjorde eit viktig vegval. IT-forum Sogn og Fjordane skulle etablerast som ei forening og byte namn til IT-forum Vest.

Styret og sekretariatet har no utforma eit framlegg til vedtekter for foreninga IT-forum Vest og inviterer no til skipingsmøte.


Møteplan

  • Velkomen ved styreleiar Anne Mette Hjelle

  • Registrering av møtedeltakarar og organisasjon

  • Val av møteleiar

  • Gjennomgang av framlegg til vedtekter for IT-forum Vest

  • Val av styre. Framlegg om at styret i IT-forum Sogn og Fjordane blir det nye styret i IT-forum Vest.

  • Vedtak om kontingent. Framlegg vidareføre IT-forum Sogn og Fjordane sin kontingent for 2019, kr 15 000.

  • Skipingsvedtak med vedtekter og utfylling og signering av skipingsdokument

  • Kort orientering om status for aktivitetar i IT-forum Sogn og Fjordane

    • Rekruttering IT-studiet, teknologi og mangfald, konferansen IT-forum oppvekst og utdanning, velferdsteknologi, digitalisering og breiband

  • Framlegg til juster profil for IT-forum Vest.

  • Innspel til vidare arbeid og samarbeid i Vestland


Vedlegg: Framlegg til vedtekter og skipingsdokument.


Lunsj kl 1230.